DET VERSTE MED GYNEKOLOGEN: Er stolen og spekelet, synes Ane Barmen. © FOTO: Privat

Ane Barmen (30)

Ane Barmen kjem frå Vågsøy i Nordfjord (Sogn og Fjordane), men er busett i Oslo.

Ho er utdanna skodespelar og musikkvitar, og jobbar som frilans-skodespelar og skribent.

Du kan følgje ho på Instagram.

KOMMENTAR:

Kjære kusa mi, eller kva eg no skal kalle deg – eg sat seinast i førre veke på kafé med to venninner og diskuterte kva ein kallar slike som deg.

«Underlivet» er så vagt, og ærleg talt litt feigt. «Vagina» for klinisk. «Tissen» for barnsleg. «Musa» for corny. «Fitta» for grovt. «Sløfsa» altfor, altfor ekkelt. «Kusa» kjennast ikkje heilt optimalt ut, men det er liksom det beste eg kjem på. Så vi berre seier det slik – eg kallar deg kusa. Er det greitt?

Det er ikkje ofte vi snakkar saman slik som dette. At eg set meg ned og skriv eit brev til deg.

Eg held på med mitt, og du med ditt, og i regelen er det heilt OK. Likevel er vi så tett knytt saman til kvarandre - den eine kunne ikkje ha eksistert utan den andre. Eg hadde utan tvil vore ein heilt annan person om det ikkje var for deg, og difor dette brevet.

For å seie hei, fyrst og fremst. For å beklage for alt eg let deg gjennomgå. For å takke deg. Og for å varsle om at du snart må til pers og bli undersøkt av gynekologen igjen.

Alle kvinner hater å gå til gynekologen

Gynekologerfaringar er på mi topp tre-liste over dei absolutt morosamaste tinga å diskutere med venninnene sine. Om det finnast kvinner der ute som ikkje har diskutert dette med nokon før, må dei sporenstreks få tak i ei kvinne og berre ta den praten og oppleve kor fantastisk det er.

Og om ein aldri har vore til gynekologen før og undersøkt korleis det står til der nede, så 1. fy skam deg og 2. kom deg avgarde! Og 3. det er nesten verdt det berre for å kunne snakke med venninnene sine om det etterpå. Nesten.

For alle kvinner hatar jo å gå til gynekologen. Eller kanskje ikkje hatar det, men det er definitivt ikkje noko ein går rundt og ser fram til. No då eg har passert tredve og vore i gamet nokre år har eg vore såpass mange gongar til slike undersøkingar at eg er om ikkje blitt komfortabel, så i alle fall nokolunde van med det.

For lat oss kalle ein spade for ein spade: å gå til gynekolog og la nokon grave rundt i underlivet eller vaginaen eller tissen din eller kva ein no kallar det er ganske pyton. Punktum.

For lat oss kalle ein spade for ein spade: å gå til gynekolog og la nokon grave rundt i underlivet eller vaginaen eller tissen din eller kva ein no kallar det er ganske pyton. Punktum.

Skal eg gidde å barbere leggene?

Kvar gong før eg skal dit stiller eg meg dei same spørsmåla. Kva har ein på seg? Skal ein barbere seg? Eller ser det ut som om eg prøvar litt for hardt då? Skal eg gidde å barbere leggane? Skal eg behalde sokkane på?

Skal eg dusje rett før? Eller burde det vere litt sånn luktande og naturleg der slik at gynekologen ser min naturlege tilstand, viss det har noko å seie? Tykkjer dei det er ekkelt? Luktar det rart?

(Etter ein del gynekologbesøk har eg kome fram til at den følgande oppskrifta funkar for meg: Ha på ei bukse som går fort å ta av og på, og ein litt lang genser eller trøye som dekkar rumpa på turen frå avkledninga til stolen og tilbake igjen etterpå – det kjennast forunderleg viktig å kunne dekke seg litt til før og etter, i alle fall for min del.

Ikkje gidd å barber leggane. Ikkje gidd å barber kusa (med mindre du skal det likevel av andre grunnar, men ikkje gjer det for gynekologen sin del – dei drit i det).

Sokkane skal vere på, av det same det-er-OK-å-ikkje-vere-fullstendig-naken-prinsippet. Dusj om morgonen, men ikkje stress med å vere nydusja rett før du kjem dit, det har ingen ting å seie. Og eg vel å tru at dei ikkje tykkjer det er ekkelt. Tenk kor mykje fitte gynekologane ser gjennom ein lang arbeidsdag – kvifor skulle akkurat di vere spesielt ekkel? Det er ikkje veldig truleg. Håpar eg.)

(Artikkel fortsetter under bildet)

gynekolog kuse fitte mus bein

JUKK JUKK: Som om ikkje stolen og den nakne kusa di var nok. Som om ikkje bøylane du kvilar leggane dine i var toppen av alt som er pinleg og grusomt. Du må pinadø kome nærare også. © FOTO: Crestock.

Kvinneguidens skrivekonkurranse

  • Dette er én av finalistene i Kvinneguidens skrivekonkurranse.
  • Alle kommentarer som blir publisert blir honorert. Den beste kommentaren vinner i tillegg en Ipad Air.
  • Vil du også skrive for oss? Her er infoen du trenger.

Panoramautsikt til det mest private

Desse spørsmåla som surrar rundt i hovudet i forkant av timen er altså den fyrste bøygen i gynekologtimeprosessen.

Den andre? Stolen. Den herlege stolen med desse kjekke bøylane på som ein skal legge føtene i slik at dette vilt framande mennesket skal ha panoramautsikt til den aller mest private delen av kroppen din.

Eg hatar å legge meg i den stolen. Eg hatar desse bøylane. Eg veit at dei må vere der, eg veit at stolen ikkje kunne ha vore noko annleis, men det er altså den absolutt mest audmjukande og sårbare stillinga ein som kvinne kan setje seg i.

Og kvar einaste bidige gong skjer dette: Eg set meg i Skammens Stol. Eg legg føtene i bøylane. Eg lener meg bakover og latar som om dette er heilt kult for meg, som den verdsvande kvinna eg er. Eg ventar. Og så seier gynekologen: «Kan du berre kome litt nærare meg?»

Kvar. einaste. gong.

Jukk, jukk, jukk

Som om ikkje stolen og den nakne kusa di var nok. Som om ikkje bøylane du kvilar leggane dine i var toppen av alt som er pinleg og grusomt. Du må pinadø kome nærare også.

Og korleis gjer du det, der du sitjeligg med føtene i to bøylar? Jau, du må jukke deg nedover stolen. Med kusa fyrst. Jukk, jukk, jukk, justere litt, så kjem du lenger ned på stolen.

Endå nærare dette framande mennesket med ditt potensielt luktande, potensielt dritstygge, potensielt avskyelege underliv.

- Er det greitt?

- Nei, litt til.

Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg? Jukk, jukk, jukk.

- Sånn, då?

- Ja, det er fint.

Så grip gynekologen den ekstremt kraftige lampa, eller skal vi berre seie lyskastaren, som dei stiller inn rett på underlivet ditt, den du veit ikkje gjev noko spesielt dust, flatterande lys som du tek deg bra ut i, den som er så langt frå noko lekkert instagramfilter som ein kan kome.

Så kan ein lene seg tilbake og vente på det største spetakkelet av dei alle: spekelet.

Veldig kaldt og luftig

Spekelet er den metallklypeaktige greia (som forøvrig alltid er iskald) som gynekologane puttar inn i kusa di for å opne henne på vidt gap og sjå betre. Brått blir det veldig kaldt og luftig der nede. Og mykje meir romklang.

Kvar gong gynekologen stappar noko slikt inni det aller mest heilage av meg ser eg for meg eit bilete av ein vrinskande hest; de veit, med leppene vrengt oppover og til sidene og alle desse digre tennene som plutseleg synst så godt.

Og så byrjar sjølve undersøkinga, ofte berre rutinekontrollar av at alt er som det skal, iblant ultralyd med den dildoforma saken dei trer eit kondom på og puttar inni deg (altså, akkurat dèt er så absurd og rart at eg ikkje heilt orkar å forholde meg til det), og så seier dei:

- Og så skal eg berre ta den celleprøva, det gjer slett ikkje vondt.

Og så pirkar og herjar dei der nede på ein måte som heilt alvorleg talt gjer dødsvondt, men då tek du feil, celleprøva gjer ikkje vondt, for det har ho Janne i resepsjonen lova deg då du bestilte timen.

Akkurat. Takk for det, Janne i resepsjonen. Di løgnaktige dritkjerring.

Og om du, som eg, er av den typen som blør lett får du litt sånn minimensen av all denne styringa der nede, og etterpå får du eit altfor tjukt truseinnlegg av gynekologen du kan putte i trusa når du kler på deg att, og resten av kvelden kan du hygge deg med mensaktige smerter i magen.

Men då er du ferdig. Og det er truleg tre heile, velsigna år til du må tilbake og helse på spekelet og bøylane igjen. Takk, gode Gud.

(Artikkel fortsetter under bildet)

gynekolog kuse kusa fitte fitta bein

FERDIG: Når du er ferdig er det truleg tre heile, velsigna år til du må tilbake og helse på spekelet og bøylane igjen. © Illustrasjonsfoto: Thinkstockphotos.com

Unnskyld, kusa!

Men ja, eg skulle jo også seie unnskyld, kusa. Unnskyld for all intimbarbering eg dreg deg gjennom, eg veit du ikkje likar det. Unnskyld for alle dei tronge buksene eg insisterar på å gå med som du ikkje klarar å puste i. Unnskyld for tampongar og stringtruser.

Og takk. Tusen hjarteleg takk for alt du gjer for meg. For at du stort sett er frisk og rask og fungerar slik du skal, og ikkje minst for all glede du gjev meg (og mannen min). Takk for alt du finn deg i. Takk for at du er så hardfør og toler så mykje. Du er så bra. Og det seier eg ikkje ofte nok til deg.

Og ja, dette er også eit varsel. Om å psyke seg opp og gjere seg klar. For eg har fått innkalling, og snart må vi avstad og helse på stolen og spekelet igjen.

Eg er lei for det. Men det må til. Og vi klarar det saman. Om ikkje anna får vi nye historier å fortelje til venninnene neste gong vi treffast.

Så du får berre stålsetje deg. På førehand takk.

Venleg helsing Ane.

Vil du lese flere slike saker? Følg Kvinneguiden på Facebook!

Les hele saken

Inger-Lise Kvås, redaksjonsjef

Vi setter stor pris på kommentarer og innspill i debattene våre. Vær forsiktig med personangrep og sjikane og prøv heller å forklare hva du mener og hvorfor. Takk for at du bidrar i debatten!