Reiseminne

- Eg likar alltid best reiseminna der ting har gått litt skeis

Mariells reiseminne: Kulehol i veggen, kokainsalg og øydelagt seng.

FEST I FRAMANDE BYAR: - Eg drakk Malibu nok for eit heilt liv.

FEST I FRAMANDE BYAR: - Eg drakk Malibu nok for eit heilt liv. Foto: FOTO: Mariell Øyre

Publisert Oppdatert
MARIELL ØYRE: Lærer mykje om seg sjølv av å reise.

MARIELL ØYRE: Lærer mykje om seg sjølv av å reise. Foto: FOTO: Privat

Mariell Øyre (26)

  • Forfattar, fotograf, bloggdesignar og fast spaltist for Kvinneguiden.
  • Frå Sognefjorden, har budd i London - men har flytta heim att til Sogn.
  • Står bak den populære bloggen hjartesmil.
  • Hausten 2013 kom debutromanen & me skal bli omskapte ut på Samlaget.
  • Tildelt Noregs Mållag sitt stipend.

KOMMENTAR:

- Ordet reise er for meg noko som høyrer sektitalsfilmar til.

Om eg spelar det ordet i hovudet ser eg meg sjølv i skuggen av eit tre så stort som eit fjell og eg ler i sakte film.

Det framstår som noko perfekt, med konstante filmstjernebølgjer i håret og klede utan vinflekkar. Rosévinen er så kald at det dimmar på glaset sjølv kor varmt det er der, på Amalfikysten (det er alltid der eg er), og sitronane luktar så vanvittig, utruleg sterkt. Ein svak bris, men aldri vind.

Men saka er at eg hadde aldri kunna hugsa den kjensla med noko anna enn vemod for at ho snart var over.

Det ville vore så altfor perfekt. Og derfor likar eg alltid best dei reiseminna der ting har gått litt skeis.

Det er der ein lærer om seg sjølv og dei ein har rundt seg, sjølv om det der og da kjennest som den kvitaste skjorta i verda med den største ketsjupflekken.

Me var milevis frå heime

Min første tur til Amsterdam var ein alternativ russetur, me reiste fem personar og budde på det billigaste hotellet midt i byen.

Det var kulehol i veggen og me øydela ei seng, paret i rommet ved sidan av isolerte brannvarslaren med ein plastpose så dei kunne røyka marijuana med open dør.

(Artikkelen fortsetter under bildet.)

PARIS: - Me kom nesten i slostkamp på grunn av ein blinkande sprettball.

PARIS: - Me kom nesten i slostkamp på grunn av ein blinkande sprettball. Foto: FOTO: Mariell Øyre

Kaféen der me åt frukost kvar morgon spelte berre Michael Jackson, og på ei veke drakk eg Malibu nok for eit heilt liv.

I same byen nokre år seinare, litt vaksnare, gjekk eg og mi beste venninne oss ville i ein park.

Det var bekmørkt og me hadde styrta ei flaske prosecco før me eingong innsåg at me hadde gått oss ville i feil park og var milevis frå heime. Då me endeleg kom oss heim, fulle og blaute, hadde huskatten i Airbnb-leilegheita bestemt seg for at den opne kofferten min var eit toalett.

Senga gjorde at eg følte meg heimlaus

Alle dei merkelege minna frå Paris: den gongen me nesten kom i slostkamp på grunn av ein blinkande sprettball.

Den gongen eg fekk kjeft på Louvre fordi eg gjekk berrføtt på parketten. Baren ved Bastille, der han bak disken alltid blir for full og knuser flasker og gir vekk shots til alle som vil ha.

AMSTERDAM: - Me reiste fem personar og budde på det billigaste hotellet midt i byen.

AMSTERDAM: - Me reiste fem personar og budde på det billigaste hotellet midt i byen. Foto: FOTO: Mariell Øyre

Senga i leiligheten me budde i på New York-ferie, som ikkje egentlig var ei seng i det heile men ei finérplate som låg flatt oppå fire leca-blokker og gjorde at eg følte meg heimlaus.

Elektronika-festivalen i rurale Ungarn, der eit italiensk ektepar vart fornærma på oss fordi me ikkje ville selja dei kokain, sjølv kor hardt me insisterte på at me ikkje hadde.

(Artikkelen fortsetter under bildet.)

Lærdom utanfor kvardagen

Eit historisk regn i Roma som nesten drukna oss, me sprang skoa fulle av vatn og måtte vrenga alle kleda då me kom heim, sjølv tversoversløyfa hans var gjennomblaut av regn.

Internettet i leiligheten som var så dårlig at det ikkje fanst anna å gjera enn å ligga med kvarandre. 

Sånt ein kan finna ut utanfor kvardagen: At eg kan springa fort om eg absolutt må.

Sjølv vaksne menn blir misunnelege på blinkande sprettballar.

At eg er ein person som styrtar flaska med prosecco før eg sjekkar google maps.

Katteurin er vanskeleg å vaska ut av ull. At leca-blokker er betre å sova på om ein legg dei på sida.

Og at på blomsterkjolar er det ingen som ser ketsjupflekkar uansett.

Vil du lese flere kommentarer fra bra damer? Meld deg på vårt nyhetsbrev  og Følg Kvinneguiden på Facebook!

MORO: - Me øydela ei seng og paret i rommet ved sidan av røyka marijuana.

MORO: - Me øydela ei seng og paret i rommet ved sidan av røyka marijuana. Foto: FOTO: Mariell Øyre

Nyttige tjenester

FORUM

Underholdning