Gle seg over dei små tinga i livet

- Kanskje virkar eg mest som ein intens fireåring...

Mariell gler seg over dei små - og store - tinga i livet.

DEI SMÅ OG STORE TINGA: Mariell gler seg over å være gravid - men óg det små tinga i livet.
DEI SMÅ OG STORE TINGA: Mariell gler seg over å være gravid - men óg det små tinga i livet. Foto: FOTO: Privat
Sist oppdatert

KOMMENTAR:

- «Tenk at eg er gravid» seier eg og vaggar oppover hellegangen. Ektemannen min ser på meg som om det var det dummaste samtidig søtaste eg har sagt, sidan det på dette punktet ikkje rår mykje tvil om at fysikken min minnar om eit ganske langtkomt svangerskap.

Eg har snart termin, men det er framleis så vanskeleg å forstå, at me har noko så spesielt der inne, at snart skal alt bli så annleis.

Kvar natt ligg me jo og ser på dette vesenet som er barnet vårt bulta seg rundt der inne, så eg forstår kor absurd det høyrest ut at ein stadig minner seg sjølv på det. Eg er berre så innmari redd for å gløyma det, for at eg egentlig skal ha ei veldig kompleks fornekting i gang i hjerna, og at det kjem til å komma som eit sånt sjokk når fødselen startar at eg kjem til å bli psykotisk. Eller noko.

Eg gir meg sjølv ikkje lov til å gløyma, får ikkje lov til å la dei små og store komponentane av livet synka inn i bakgrunnen av det som skjer akkurat no. For mesteparten av livet skjer jo anten før akkurat no-punktet eller i framtida. Akkurat no skjer det jo akkurat ingenting, akkurat no skriv eg jo denne teksten.

Det set gullkant på livet

Det er ikkje berre graviditeten eller om meg sjølv heller, men egentlig det meste som skjer rundt meg. Eg er alltid den personen som seier «tenk at».

Mariell Øyre (26)

  • Forfattar, fotograf, bloggdesignar og fast spaltist for Kvinneguiden.
  • Frå Sognefjorden, har budd i London - men har flytta heim att til Sogn.
  • Står bak den populære bloggen hjartesmil.
  • Hausten 2013 kom debutromanen & me skal bli omskapte ut på Samlaget.
  • Tildelt Noregs Mållag sitt stipend.

«Tenk at me laga bryllupskaka vår sjølv»

«Tenk at du har ein hund»

«Tenk at du er mannen min»

«Tenk at no bur me i Norge»

«Tenk at eg kan bestemma når eg vil stå opp heilt sjølv»

«Tenk at du skal gifta deg»

«Tenk at me budde i studentsiloen i Oslo i to år»

«Tenk at når me er 28 har me vore ilag halve livet»

«Tenk at du skal flytta til København»

«Tenk at me skal få oppvaskmaskin»

Kanskje virkar eg mest som ein intens fireåring som konstant pip i bakgrunnen med sånt som alle andre allereie veit veldig godt.

Men eg velger å sjå på det som ein skikkelig fin ting. Som ein barnlig eigenskap eg ikkje har vakse fra, og som kan setta gullkant på livet; å la seg overvelda av livet før, no, i framtida. Sei det høgt og la andre óg minnast om kor bra me har hatt det og dei gode ting som ventar.

Vil du lese flere kommentarer fra bra damer?   Meld deg på vårt nyhetsbrev og følg Kvinneguiden på Facebook!

Denne saken ble første gang publisert 13/07 2016, og sist oppdatert 30/04 2017.

Les også