mobilbruk i bryllup

I sommar skal eg vera gjest i bryllaup, og eg lovar meg sjølv her og no å legga vekk mobilen

Bryllaup skal ikkje dokumenterast, det skal opplevast.

BRYLLAUP: - Å fotografere bryllaup er som ei prøve for nervene. Eg prøver mitt ytterste å stenga av kjenslene.
BRYLLAUP: - Å fotografere bryllaup er som ei prøve for nervene. Eg prøver mitt ytterste å stenga av kjenslene.
Publisert

KOMMENTAR:

Dørene i kyrkja slår opp, organisten spelar den låta dei spelar på amerikanske filmar, Here Comes the Bride. Brura har eit hardt grep rundt armen på far sin. Gjennom linsa er det lett å sjå kor rørt han er. Det følest nesten innvaderande å zooma inn.

Framme ved alteret ventar hennar framtidige mann. Han er så mild i augo når han ser henne, blomane i det lange mørke håret. Han tørkar tårer med både høgre og venstre hånd, jo nærare ho kjem, jo meir gret han.

Snart skal dei bindast ihop, straks er dei mann og kone, alt hans er hennar og vice versa.

Må stenge av kjenslene

Å fotografere bryllaup er som ei prøve for nervene. Eg prøver mitt ytterste å stenga av kjenslene. Men dette, dei intense blikka som møtest, gjer at det svir til kaldt bak nasen der gråten startar. Dette er så stort. Så mykje tid og planlegging som går med til eit bryllaup. Så mykje kjærleik som går med til eit ekteskap.

Mariell Øyre (26)

  • Forfattar, fotograf, bloggdesignar og fast spaltist for Kvinneguiden.
  • Frå Sognefjorden, har budd i London - men har flytta heim att til Sogn.
  • Står bak den populære bloggen hjartesmil.
  • Hausten 2013 kom debutromanen & me skal bli omskapte ut på Samlaget.
  • Tildelt Noregs Mållag sitt stipend.

Veit dei det, desse andre, dei som sit ved benkane og ser? Er dei visse om at desse kjenslene finst her i dette rommet? Eit hav av mobilar og andre sine kamera er også retta mot bruda, eg må bryta meg forbi. Det blitzar kvitt i fjesa deira, ein Instagram Story som nettopp er filma, blir avspela i eit panisk sekund før vedkommande får skrudd av lyden.

Slik er det i bryllaup no. Ein produksjon, samling av bevis.

Fortelje med heile kroppen

Og det får meg til å tenka på kor lett me har det no, me kan dokumentera alt, og kor late me blir av det. Det får meg til å tenka på bestemor.

Når bestemor fortel historiar, fortel ho med heile kroppen. Ho hugsar steg for steg, kven som sa kva, og ho stoppar opp for å minnast detaljar. Eg har høyrt historiane kanskje fem gonger før, men likevel er det herleg å høyra fordi ho legg det fram så levande, med ivrige hender og pauser til latterkrampe eller rettingar.

Ho fortel historien om piloten som var forelska i ho, som flaug i ring rundt huset hennar og bestefar som kasta stein etter flyet hans. Om då pappa fekk ein lillebror og sa "søt er han, men han får ikkje låna sykkelen min". Ein kan synka inn i historien, trygg på at den kjem i havn. Ho har den i seg.

Forventning om ei god historie

Pappa har óg arva dette, men han held seg bak historia og legg opp til stunda. "Kan du ikkje ta den med syrupen på soverommet?" spør han mamma og smiler til meg, eit smil som seier "no kjem det noko bra", og ho ler før ho startar på historia.

Eg, derimot, tyr til bilder og animasjonar, emojis. Når ein venn nylig sendte meg ein melding for å seie at ho hadde fått seg ein ny jobb som ho hadde lengta etter lenge, sendte eg ein gif med ein glad hund som smilte med ballongar i poten.

Det er jo ein sinnsjuk person som gjer det. Å ty til ein pikslete animasjon når eg skulle ha uttrykt dei djupaste kjenslene, sagt at eg var stolt og glad i ho.

Skal legga vekk mobilen

Me blir dårlige venner og late formidlarar av å ha sånne verkemiddel i fingertuppane. Det er konklusjonen.

I sommar skal eg vera gjest i bryllaup, og eg lovar meg sjølv her og no å legga vekk mobilen.

Å tvinga meg sjølv til å ta inn det som skjer, det store i det, det fantastiske. Å forstå at talane handlar om folk som sit på midten av bordet, at alle er der for dei.

Å ta bildene i hovudet og bli god på å fortelja.

Denne saken ble første gang publisert 14/06 2017.

Les også