Lære av foreldrenes feil

«Eg sa at han var ein bedre pappa som hadde nokon mislukka forsøk i baklomma»

Mariell fann trøysta som hjalp då mannen strauk til førarprøva.

TIL HJELP: - Alle feilstega me har gjort, kan ho ha nytte av, trøstar Mariell og Jostein seg med. FOTO: Privat

TIL HJELP: - Alle feilstega me har gjort, kan ho ha nytte av, trøstar Mariell og Jostein seg med. FOTO: Privat

Publisert

KOMMENTAR:

Å bli forelder har opna opp nye kammer i hjartet, gjort meg meir tålmodig og mindre sjølvbevisst. Det har óg fått meg til å omfavna alt som har gått feil i livet, smått og stort.

Eg innsåg dette ei veke før me flytta frå London i fjor vår, då ungen framleis svømte rundt i fostervatn der inne i magen. Me sat på kafé og furta, for mannen min hadde hatt oppkøyring og feila, og det frie livet me hadde sett for oss i Norge der me kunne køyra kvar me ville, når me ville, med vind i håret, hadde blitt satt på vent.

Han spurte om det ikkje var noko som helst eg kunne sei for å få han til å føla seg litt mindre mislykka.

Eg tenkte på korleis eg kunne manipulere han ut av den grå skya han sat i. Så sa eg noko sånt som "Om tjue år, når ho skal ta sertifikatet sjølv, så veit ho at det ikkje er verdens undergang om ho stryk, fordi du har fortalt ho om dette."

Som eit verktøy

Eg sa at han var ein bedre pappa som hadde nokon mislukka forsøk i baklomma, som eit skrujern eller ein hammar som han kan ta fram når situasjonen treng det. Og det hjalp, i alle fall litt.

Og ikkje berre det, men eg har tenkt mykje på det sidan. At absolutt alle feilsteg eg har teke i livet eller slitsomme ting som har skjedd meg, er no opne for ho.

Som eit museum av feil ungane våre skal få vandra rundt i og hjelpa oss å bygga vidare på. Alle står dei der i monter, bak glas:

Feil på utstilling

Han som eg var så forelska i på barneskulen, i årevis skreiv eg navnet hans i notatbøkene mine og det vart aldri noko av, berre heartbreak.

Sausar eg har brent tunga mi på.

Prosjekt eg har hoppa inn i med hovudet først som aldri vart noko ordentlig fordi eg ikkje hadde nokon plan.

Orda BRUTTO og NETTO som eg aldri har lært meg.

Klede eg har øydelagt ved å vaska dei på feil program.

Ting eg har mista fordi eg ikkje er forsiktig.

Personar eg har mista fordi eg ikkje er forsiktig.

Tårer eg har grått fordi eg ikkje har klart å spørja om hjelp når eg trong det.

The Great Gatsby, som eg aldri har klart å lesa meg gjennom.

For små sko eg har kjøpt fordi eg var flau over storleiken min.

Tanna eg måtte trekka i fjor fordi eg er så redd tannlegen.

Alle pengane eg fekk i konfirmasjonsgåve som eg kasta vekk og kom til å trenga seinare i livet.

Psykologen eg gjekk til då eg var seksten der eg berre sa "eg veit ikkje" til alle spørsmål ho stilte, så eg fekk kryssa ut boksar på skjema og pusla puslespel istaden.

Alle rettar eg har oversalta.

Reiser med for høge forventningar som enda i tårer.

For høge forventningar til folk rundt meg som óg enda i tårer.

Alt saman er der. Alt. Og alt kan sjekkast ut av samlinga og brukast når det trengst.

Nyttige tjenester

FORUM

Underholdning