Å miste kjæledyr

«Dei låg ved sidan av kvarandre, på ryggen og med hendene opp i været. Rigor mortis»

Mariell hadde mange hamstrar. Ingen av dei levde lenge.

EIGAR: Mariell var ingen spesielt ansvarleg eigar av kjærledyr, er konklusjonen hennar når ho tenker tilbake. FOTO: Privat
EIGAR: Mariell var ingen spesielt ansvarleg eigar av kjærledyr, er konklusjonen hennar når ho tenker tilbake. FOTO: Privat
Publisert

KOMMENTAR:

Eg var seks år. Mamma kom for å henta meg på skulen i Trude, den blå bilen vår. I setet låg eit rutete teppe og me rulla sakte mot bestemor sitt hus, mot kjøttbollemiddag, då ho fortalte meg at katten vår, Lukas, var død.

Verandadøra var open, og han hadde komme seg ned frå balkongen og ut i vegen, og der tok livet slutt på det mest brutale viset. Det eg aldri fortalte mamma, var at det var eg som hadde lært han korleis han skulle snika seg ut.

I solidaritet med dyret som sikkert ville ut og utforska, viste eg han sprekken mellom golvet og botnen av gelenderet, akkurat stort nok til å åla seg gjennom. Eg smilte med hendene sjølvsikkert planta på hoftene då han sprang og rulla seg i graset.

Sussi

Me fekk etterkvart fleire kattar, min store kjærleik heitte Sussi, ho fekk til og med kattungar i foreldra mine si seng, på eit teppe me seinare heiv i søpla. Då me måtte «gi ho vekk» fordi lillesøster hadde fått allergi, skreik eg at dei heller kunne ta ho, ta søstra mi, berre ikkje katten!

Mariell Øyre (26)

Forfattar, fotograf, bloggdesignar og fast spaltist for Kvinneguiden.

Frå Sognefjorden, har budd i London - men har flytta heim att til Sogn.

Står bak den populære bloggen hjartesmil.

Hausten 2013 kom debutromanen & me skal bli omskapte ut på Samlaget.

Tildelt Noregs Mållag sitt stipend.

Men, etterkvart som eg har blitt eldre, og eit meir skeptisk menneske, så tør eg ikkje å kome borti kattar - og ikkje dei i meg heller. Dei fresar og hissar og klorar etter meg. Dei kan kjenna det i energien min, eg er ikkje ein true believer.

Kanskje nokon har fortalt dei om Lukas, eller om alle hamstrane? Eg kan ikkje tella på éi hand kor mange hamstrar eg har hatt i mitt liv. Den første var ein langhåra nydeleg gyllen sak eg hadde overraskande lenge.

Gulrotetar

Kanskje var eg 11 år og hadde fått ansvar for mitt første eigne kjæledyr. Eg mata han med salatblad, skifta sagflisen og gav han nytt vatn. For å underholda vennene mine, som no endelig ville bli med meg heim fordi eg hadde noko dei kunne klappa, gav eg han gulrotbitar som han putta inn i kjakane til dei vart gigantiske. Om natta sprang han rundt og rundt i hjulet sitt og eg vart mindre redd for å sova av å ha selskapet hans på rommet mitt.

Hamster på rømmen

Men eg var ikkje nokon ansvarlig dyreeigar. Eg putta han ofte i lomma og tok han med ut, ein gong gløymte eg at eg hadde han der og såg ein heil film hos ein kompis før eg hugsa det. I panikken rakk eg å tenka at han sikkert hadde svelta ihjel der i mørket, men i botnen av den lange lomma mi låg han og sov.

Det gjekk bra den gongen, kanskje fordi han hadde med seg snacks i kjaken, mest sannsynlig fordi eg hadde flaks. Men berre nokre veker seinare tok eg ein ny råsjangs. Eg leika med han i sofaen, strengt forbudt såklart, han var kjapp og med dei skarpe neglene kunne han klatra både opp og ned både møblar og veggar som han ville.

Eg heldt han over ansiktet mitt og let han klatra frå hånd til hånd. Ikkje berre éin gong datt han av og landa anten i ansiktet mitt eller i sofaen, også starta me på nytt, heilt til eg plutseleg ikkje fann han att. Eg kjente med hendene langs sprekkane i sofaen og på golvteppet. Låg eg på han? Var han i genseren min? Eg rakk akkurat å sjå opp før rumpa hans forsvant inn gjennom den vesle sprekken som var open inn på badet.

Opp til skjebnen

I ein time leitte eg der inne, tok ut alt av skuffar og skap, lyste med lommelykt bak doen og under kommoden, heilt til eg fant, bak pipa, ein sprekk i sementen. Hamsterstorleik. Eg fortalte det til mamma og pappa med klump i halsen, og dei sa til meg på den mjukaste måten at no var det opp til skjebnen om han kom til å komma ut att.

I fleire år etterpå trudde eg at eg høyrde rasling i veggen, men det var såklart umogleg at han kunne ha overlevd. Det var ikkje plass til så mykje gulrøtter i den vesle munnen.

KJÆLEDYR: Nokre av dei mange kjæledyra som har kome og gått i livet til Mariell. FOTO: Privat
KJÆLEDYR: Nokre av dei mange kjæledyra som har kome og gått i livet til Mariell. FOTO: Privat

Som i CSI

Då me til slutt selde huset, hadde dei nok inga aning om kva som skjulte seg bak veggane. Eg ser for meg ein episode av CSI, dei har funne eit skjelett i veggen og må riva heile huset for å finna ut korleis denne hamsteren døydde. Det høyrest morsomt ut, heilt fram til ein tenkjer over det.

Likevel var ikkje det min siste hamster, ikkje på langt nær. Dei siste hamstrane me kjøpte, var to søsken me la att nokre hundrelappar for på eit kjøpesenter i Åsane. Allereie på vegen heim prøvde ein av dei å rømma ut av bilen på ein bensinstasjon, mamma måtte springa ut og plukka han opp att.

Rigor mortis

Me hadde dei ikkje så lenge, dei var tjukke, treige og litt rare allereie då me kjøpte dei. Dei ville ikkje springa i hjulet, hamstra mat eller klatra på hendene. Berre nokon dagar etter me fekk dei, fann eg dei døde i buret. Dei låg ved sidan av kvarandre, på ryggen og med hendene opp i været. Rigor mortis.

Nokon hadde sagt det til dei, kanskje var det A Ghost of Hamsters Past: «Ingen kjem seg ut herifrå i live!» Også tok dei gifta dei hadde smugla med seg inn.

Denne saken ble første gang publisert 05/09 2017.

Les også