Å miste besteforeldre

«I gravferda hans var det det som trefte meg mest, alle folka som var der i takksemd fordi han hadde gitt dei arbeid»

Mariell har hengt opp lys i vindauga hans for å motverke mørket midt i tunet.

SAKNET: - Me rakk nokre månader med sameksistens på garden, kaffikoppar med doble sukkerbitar og rullatorspasering til pumpehuset.
SAKNET: - Me rakk nokre månader med sameksistens på garden, kaffikoppar med doble sukkerbitar og rullatorspasering til pumpehuset. Foto: FOTO: Privat
Sist oppdatert

Mariell Øyre (26)

  • Forfattar, fotograf, bloggdesignar og fast spaltist for Kvinneguiden.
  • Frå Sognefjorden, har budd i London - men har flytta heim att til Sogn.
  • Står bak den populære bloggen hjartesmil.
  • Hausten 2013 kom debutromanen & me skal bli omskapte ut på Samlaget.
  • Tildelt Noregs Mållag sitt stipend.

KOMMENTAR:

Min svigerbestefar, om det finst noko som heiter det. Huset hans er tomt no. Me har hengt opp lys i vindauga for å motverka mørket midt i tunet. Det vakuumet som oppstod er som eit svart hol.

Me rakk nokre månader med sameksistens på garden, kaffikoppar med doble sukkerbitar og rullatorspasering til pumpehuset. Han var så glad for at me hadde flytta heim på garden og så imponert over kor fint me hadde fått det.

Han sat ved kjøkkenbordet og speida etter dei som nærma seg jordbæråkeren, gjekk tur bortover åkeren og pausa ved benken som Jostein og eg hadde bygd til han. Han var der alltid, ein gallionsfigur, eit tuntre.

Slette ut avtrykka hans

I kjøleskapet i huset hans står det framleis sånt som var hans, appelsinmarmelade og sild, det står eit fat med knekkebrød inni skapet som ingen har rørt. Det finst så mange ting i det huset som han er den siste som har tatt på. Dørklinker, ei smørpakke, varmepumpa.

Og for kvar gong me er der, tenker eg på det, at me litt etter litt slettar fingeravtrykka hans herifrå og då knuser hjartet mitt ein smule, igjen og igjen.

Håp og glede

Denne sorga er ei seig smørje å ta seg ut av. Eg tek meg sjølv i å holda pusten nokre sekund når eg innser at dotter vår har teke plassen hans ved bordet under laurdagsgrauten.

I minnet spelar eg han opp, lyden av stabbinga innover, to steg og ein stokk, eit djupt kremt. Den krokete fingeren som nøysamt velger bitar frå spekematfatet, lasset med sukker der på enden av bordet, der dotter vår no sit i barnestol og mistar ting i golvet med vilje.

Ho som gav han sånn eit glimt i auga, som gav han så mykje håp og glede. Målet hans var å få leva til etter dåpen hennar, og det gjorde han berre såvidt.

Me tok ho med til han i dåpskjolen, det tunne fjeset som forsterka så innmari trekka hans, med store øyro og nasen såg han ut som Roald Dahl's Store Vennlige Kjempe. Berre dagar etterpå var han ikkje meir.

Miste ein grunnpilar

Å mista besteforeldre er jo noko dei fleste av oss går gjennom i livet, som det blir forventa at me berre skal gå vidare ifrå sjølv om det er forvirrande og rotløysande, sjølv om ein har mista ein av grunnpilarane i livet, eit av menneska som var aller mest stolt og støttande.

Akkurat denne bestefaren var ikkje min bestefar, men dei siste tolv åra har han eksistert der, ein av dei eldre kloke menneska eg hadde i livet mitt, som gav meg perspektiv og som brydde seg om meg.

Litt av sorga sit sjølvsagt i kor lik han var min eigen Besten, minnene blandar seg ihop, kven av dei var det som spelte trekkspel, kven av dei var det som likte vintersport? Stemmene deira, dialekta, korleis han snudde seg når nokon sa navnet hans. Kor stolt han var.

Ein som heia

Aller viktigast for meg var det at han sjølv var entrepenør. At han sjølv hadde lagt stein på stein i sin ungdom og bygde sitt eige liv. Når andre var bekymra og fortvila over både Jostein sin og min mangel på retning mot "vanlig jobb", var han berre interessert, oppmuntrande.

I gravferda hans var det det som trefte meg mest, alle folka som var der i takksemd fordi han hadde gitt dei arbeid, liva deira forma fordi han våga å ta sjansar for så mange år sidan.

Eg slutta aldri å prøva og imponera han.

Det største saknet

Eg kjem til å sakna han mest når me gjer noko bra, når me vågar og når me tek sjansar. Når eg tilset nokon for første gong kjem eg til å tenka på han og at kvar dag i denne bygda ser me bilar og bygg med navnet hans på.

Eg kjem til å sakna han mest når dotter vår stabbar mot huset hans for første gong. Når ho kjem heim frå sløyden med ei trefjøl ho har måla, når ho mestrar gangetabellen.

Da kjem eg til å minna meg sjølv på kor viktig det er å ha folk rundt seg som er stolte og som vågar å sei det.

Denne saken ble første gang publisert 12/04 2017, og sist oppdatert 30/04 2017.

Les også