Å GJERE DET SLUTT MED VENNER

- Å avslutte vennskap kan vera minst like smertefullt som å slå opp med kjærasten

Ikkje alle vennskap er liv laga.

VENNER: Mariell og tre av vennene som er igjen etter opprydding i vennskapa.
VENNER: Mariell og tre av vennene som er igjen etter opprydding i vennskapa. Foto: FOTO: Privat
Sist oppdatert

Mariell Øyre (26)

  • Forfattar, fotograf, bloggdesignar og fast spaltist for Kvinneguiden.
  • Frå Sognefjorden, har budd i London - men har flytta heim att til Sogn.
  • Står bak den populære bloggen hjartesmil.
  • Hausten 2013 kom debutromanen & me skal bli omskapte ut på Samlaget.
  • Tildelt Noregs Mållag sitt stipend.

KOMMENTAR:

I love you too, Richard, but I love me more.

I den ikonisk frysningsframkallande scena av Sex and the City seier Samantha Jones «I love you too, Richard, but I love me more» og alle i salen jublar, klappar, for denne kvinna som har hovudet på rett plass og vett nok til å velga seg sjølv og si eiga lykke. For at ho ikkje kunne bli i det forholdet der ho ikkje følte seg sett, der det ikkje fantest tillit, der det var ei mangel på balanse. 

Familie ein velger

Ein seier at venner er den familien ein velger sjølv, så kvifor er det så mange av oss som kvir oss for å luka i ugraset blant vennene våre? Kvifor er det så sjølvsagt at me skal tviholda i relasjonar som ikkje gir oss noko?

Det høyrest alltid brutalt ut, men tenk på det: Om du har valget, vil du ikkje heller omgi deg med folk som deler interesser, tankar og holdningar? 

Redd for å såre

Er det verkeleg nødvendig å bruka tid og krefter på å vedlikeholda eit vennskap med nokon som alltid får deg til å føla deg dum eller stygg eller mindre enn? Kanskje er me for opptatte av å ikkje såra andre, men ved aldri å ta bevisste valg om kven me vil dela dagane våre med, sårar me óg oss sjølve og blir til og med dårlige venner av det.

Vondt brot

Alle vennskap har toppar og dalar, det er berre naturlig når det dreier seg om ti, tjue, femti år i eit intimt og personlig forhold der ein deler tankar og kjensler og erfaringar. Ofte er det fantastisk og givande og kan setta like stort preg på livet som kjærleiksforhold, karriere og familie. Og om det tek slutt, kan det vera minst like smertefullt som å slå opp med ein kjærast. 

Som eg ser det, er det ikkje så vanskelig å finna ut om eit vennskap er liv laga. Om ein alltid føler at ein sjølv kjem i baksetet av vennskapet, at ein berre får stå i døra og ikkje komma inn eller ein kan kjenna stresset bygga i kroppen berre ved tanken på å skulla ta ein kaffe med denne personen, da er det kanskje på tide å ta ein runde med seg sjølv og spørja: Om dette hadde vore eit parforhold, hadde du valgt å bli eller komma deg ut? 

Mindre forventning

Av og til kan svaret vera så enkelt som at ein må senka forventningane sine, som ofte er tilfellet for meg.

Om folk har kompliserte liv med oppstykka timeplanar og mykje reising, er det kanskje ikkje så enkelt å få svart på den tekstmeldinga, uansett kor enkelt spørsmålet var. Ein skal ha tålmod med folk, vera gavmild med tid og generøs med forståing. 

Men. Når du kjenner den der mageknipen krypa imot deg ved tanken på ein kafélunsj eller ein filmkveld? Ta grep.

Eg tek meg sjølv i å alltid gi folk det samme rådet. Det er det rådet som alltid funkar for meg når eg føler at noko ikkje stemmer: sett deg sjølv først. 

Treng ikkje vera grei

Eg har ingen venner som gir meg den der mageknipen, men det har teke enormt mykje mageknip å komma seg hit. Eg syns ikkje ein alltid treng å vera så grei heller. Ein skal ikkje alltid måtta vera så vaksen at ein tar Samtalen, for det er ikkje alltid det rette å sei dei orda høgt. 

Nokre vennskap renn berre ut i sanden. Om eg blir litt trist av tanken på vennskap som berre har forsvunne mellom fingrane på meg, så blir eg trøysta av tanken på at det aldri definitivt tok slutt. Kanskje møtast ein seinare i livet, under andre omstendigheiter, og så klaffar det totalt? 

Som eit klesskap

Gravplassen for mine tapte vennskap er meir som eit klesskap. Nokre plagg gav eg til Fretex umiddelbart. Nokre ligg bakerst i skapet i ein krøll og ventar på å bli gjenoppdaga.

Nokre få heng framme med dei andre, dei glitrar til mellom andre plagg og minnar meg om den eg ein gong var. Men både eg og den veit at den ikkje passar lenger.

Vil du lese flerie kommentarar frå bra damer?  Meld deg på vårt nyhetsbrev og følg Kvinneguiden på Facebook!

Denne saken ble første gang publisert 04/02 2016, og sist oppdatert 28/04 2017.

Les også