Å flytte heim att

«Me er ferdige med London, med England. Etter fem år er me klare for noko nytt, noko større, eit friare liv»

- Det fanst ikkje sjanse i havet for at eg skulle føde denne ungen her.

HEIM: Mariell flykta for heimbygda for ti år sidan. No er ho klar for å flytte tilbake.
HEIM: Mariell flykta for heimbygda for ti år sidan. No er ho klar for å flytte tilbake. Foto: FOTO: Privat
Sist oppdatert

Mariell Øyre (26)

  • Forfattar, fotograf, bloggdesignar og fast spaltist for Kvinneguiden.
  • Frå Sognefjorden, har budd i London - men har flytta heim att til Sogn.
  • Står bak den populære bloggen hjartesmil.
  • Hausten 2013 kom debutromanen & me skal bli omskapte ut på Samlaget.
  • Tildelt Noregs Mållag sitt stipend.

KOMMENTAR:

For nesten nøyaktig eitt år sidan gjekk me rundt i gatene i Covent Garden, hand i hand, og venta på rotfylling. Etter nokre veker med nattgoogling og gråt hadde eg innsett at frykta for at ein infeksjon skulle spre seg til hjerna var større enn frykta for tannlegen. Døden er det einaste som trumfar.

Og som det så ofte er med meg, som vil gjera alt samtidig, sette frykta tusen tankar fri i hovudet.

Så, medan me gjekk rundt der på dommedag og venta på å få komma inn, pressa eg han til å snakka om det eg visste me begge hadde tenkt på dei siste månadene. Me drømte om eit liv med born, gras og stille, og mindre stress og press, eit liv mindre sirkulert rundt pengar, og eg var klar til å slå med gavelen og seie at no bestemmer me oss.

For at me er ferdige med London, med England. For no, i alle fall. Etter fem år er me klare for noko nytt, noko større, eit friare liv.

Me flyttar!

Så det gjorde me. Før me kom tilbake til tannklinikken hadde me bestemt, at neste vår flyttar me heim. Til det gamle huset som me elskar så høgt, i perfekt avstand frå flyplassar og byar og bråk. Der svigerforeldra mine akkurat no styrer ein oppussingsaksjon med nye golv, nye veggar, gamle fargar på veggane.

Dagdraumar

I mellomtida rakk me òg å bli gravide, med kanskje historisk bra timing. Flytting i april og termin i juli. Og det fanst ikkje sjanse i havet for at eg skulle føde denne ungen her, leva eit liv med barnehage til ti tusen i månaden, utan støttesystem. Og kanskje spesielt sidan då, sidan den positive graviditetstesten, har eg dagdrømt, ofte heile dagen, om det livet som ventar på oss.

For det er nettopp det, me har ikkje berre valt å flytta, me har valt eit anna liv. Med knirk i golvet og snø om vinteren. Eg ser det så klart for meg, ei vogge ved sidan av pulten, ein fot på den for å få den til å gå svakt fram og tilbake og ei søvndyssande klapring på tastaturet. Rista brødskiver med brunost til lunsj.

Båten «Heime»

For nokre netter sidan drøymte eg at eg var i ein stor, blå plastbåt på ope hav, og båten heitte "Heime". Det stod skrive i store, kritkvite bokstavar på sida av båten. Eg måtte bruka armane til å plaska meg rundt og framover, og plasten i båten lukta og knirka som plastbåtar gjer. Eg prøvde forgjeves å plaska meg i havn, men det var ikkje land i sikte. Eg plaska i sirklar.

Eg vakna og følte meg uroleg, sjølv etter å ha ledd av det med Jostein. Men med ei forklaring på steinen eg har hatt på brystkassa i det siste, som eg kanskje skulda meir på graviditetshormon enn dei eigentleg fortjente.

Eg føler meg heimlaus, men problemet er meir at eg har to heimar som dreg i meg, og som eg ikkje kan stilna heilt enno. Eg kan berre forklara det som å føla at eg konstant lever ti centimeter til venstre for meg sjølv, forvirra av at eg framleis er her og med lammande lengsel heimover.

Det rette valet

No har me pakka ned heile denne leilegheita, her me vart gifte, vart gravide, vart vaksne på den vaksne måten. Eg har brukt timesvis på å tenka på korleis me skal få med oss alt over havet, stirra bokhylla i senk etter bøker me kan legga att på denne sida. Den kronisk nostalgiske biten av meg prøver å føla seg trist, men eigentleg føler eg meg så uangripeleg sikker på at me har teke det rette valet.

På lista over dei mest stressande tinga ein kan gjera i livet står flytting, bryllup og baby, og me pressar alt det inn i eitt fullstendig kaotisk år.

Det er ikkje rart ein føler seg litt rar. Men overraskande for meg sjølv, og sikkert for alle som kjenner meg, ofrar eg smertelaust alle cappucinoar, museum og parkar, for det som ventar.

Det er ikkje meir enn ti år sidan eg flykta med hovudet først ut av det livet, vekk frå Sogn, vekk frå stilla. No reiser eg tilbake så fort eg berre kan. Det er forvirrande, alt saman. Eg veit ikkje heilt kva det betyr, eller korleis det skal bli. Berre at eg er så sjukt klar for å finna det ut.

Vil du lese flere kommentarer fra bra damer?  Meld deg på vårt nyhetsbrev og følg Kvinneguiden på Facebook!

Denne saken ble første gang publisert 28/04 2016, og sist oppdatert 29/04 2017.

Les også