#kvinnerinn, kvinner inn på listene, stem inn kvinner, kvinner på topp

Mari Bremnes Ese (34)

Parti: Miljøpartiet dei Grøne

Nummer 2 på lista til Trondheim kommune

Utdannelse: språk og grafisk design

Yrke: Ansvarlig, Framtiden i våre hender Trondheim

Sivilstatus: Gift, to barn

#KVINNERINN

Seks kjappe med Mari Bremnes Ese, Miljøpartiet dei Grøne

1)  Hvorfor bør velgerne stemme på deg?

- Fordi eg er idealist først og deretter politiker. Eg har ikkje spesielt høg utdanning, og eg har hatt mange ulike jobbar. Eg har komme dit eg er gjennom frivillig engasjement og fordi eg har eit oppriktig ønske om å forandre samfunnet.

Eg trur dei beste politikerane ikkje nødvendigvis er dei med statsvitenskap, men folk som gjer livsvalg og utvikler meiningar gjennom livserfaring og i samhandling med folk rundt dei.

2)  Hva bør velgerne vite om deg?

- Eg har ikkje ein like grønn livsstil som eg skulle ønske, sjølv om eg riktignok har mange grønne tankar.

Målet mitt derimot, er å skape eit samfunn som gjer det mulig for meg og andre å leve slik eg ønsker. Eg er overbevist om at grønn politikk ikkje berre handler om klima og miljø. Med dagens vekstøkonomi og eit ensidig fokus på forbruk og kamp om ressursar, har vi og skapt eit samfunn som vektlegg individualisme, konkurranse, kroppspress og den enkelte sine muligheiter framfor fellesskap, medmenneskligheit, samarbeid og avhengigheit til kvarandre og ressursane rundt oss.

Ikkje berre fører dette til ei rovdrift av jorda vår, men og til ei rovdrift av menneska som bur her.

Begge desse utfordringane må sjås i forhold til kvarandre og mykje av behandlinga kan vere den samme. Vi er nødt til å gjere ein heilomvending og vurdere kva det er som gir lykke og eit verdifullt liv.

Personlig har eg aldri jobba meir enn 50 prosent fordi å ha tid til familie og engasjement betyr meir for meg enn pengar og eit høgt forbruk.

#kvinnerinn, stem inn kvinner, løft kvinnelige politikere, kvinner og politikk

#kvinnerinn

3)  Hva mener du er de tre viktigste kvinnesakene i Norge i dag?

- Likestilling handler ikkje om at kvinner skal innta samme posisjoner som menn, men om at dei valga kvinner gjer skal verdsettes like høgt.

Såkalla statusyrker i dag, er definert av menn. Det betyr ikkje at dei har høgare verdi enn lavstatusyrker. Det er viktigare å snakke om likeverd enn likestilling og her har vi ein stor jobb foran oss.

Målet mitt er ikkje at kvinner skal få statusyrker, men at yrker som kvinner allerede har skal få like masse status.

Kropp og sex er noko naturlig og fint, men den seksualiseringa og objektifiseringa som har ramma kvinner i mange år har gjort stor skade.

Veldig mange kvinner i dag har eit negativt eller usunt bilde av kroppen sin og andelen unge jenter med spiseforstyrrelsar har aldri vert høgare. Det er flaut å snakke om det, men til og med eg, som er godt voksen, lar meg påvirke av reklameplakatar og tv. Eg ønsker uten tvil å gjere politiske grep for å minimere markedsføring som dette.

I dag blir arbeidsliv verdsatt høgare enn både frivilligheit og å ta seg av familie. Mange blir pressa ut i jobb for å ha råd til å beholde hus eller betale studielån.

Men å yte for samfunnet er meir enn lønna arbeid.

Det er veldig mange kvinner der ute som gjer ein fantastisk jobb kvar dag, enten ved å vere heime med barn, ved å arbeide frivillig for ulike organisasjoner eller ved å ta seg av forelde.

Eg klarer ikkje å sjå anna enn at dette er til like stort gode for samfunnet som ein kva som helst jobb og ønsker eit samfunn som legg til rette for at dette skal vere mulig for fleire.

4)  Hva tror du er årsaken til at bare 22 prosent av norske ordførere er kvinner?

- Grunnen er at det er eit statusyrke som tradisjonellt menn har hatt. Det er nok ikkje like lett for kvinner å “nå toppen”.

Men samtidig trur eg og at kvinner oftere prioriterer familie, og ein jobb som ordfører er uten tvil tidkrevande. Kanskje betyr ikkje status like mykje for kvinner heller?

5)  Hvorfor synes du det er gøy å jobbe med politikk?

- Det er ikkje så mykje at det er gøy, som at det føles heilt nødvendig. Eg jobber daglig med holdningsskapande arbeid og eg er overbevist om at dei sakene eg jobber med, må jobbes med fra to kanter.

På den eine sida skjer ikkje endring om ikkje Per og Kari føler ein grunn til å gjere det, og blir inspirert til det, men på den andre sida kan ingen endre seg om ikkje samfunnet legg til rette for det.

Eg jobber med politikk for å sørge for tilrettelegging. Samtidig så lærer eg jo tjue nye ting kvar dag og blir overvelda når eg ser ønska politiske endringar skje.

6)  Hvilke saker vil du jobbe for hvis du blir valgt?

- Eg vil jobbe for ein rausare og meir fleksibel norsk skule, med mindre fokus på testing og meir fokus på praktiske fag.

Eg ønsker og at skulen skal sette læring om sjølvinnsikt, følelsar og empati på lik linje med teori.

Eg vil jobbe for å auke bevisstheten rundt mat som ein verdifull ressurs. Legge til rette for lokal matproduksjon, minimere matkasting, fremme vegetarmat og fokusere på sunt kosthold.

Eg ønsker å legge til rette for meir fellesskap og fleire inkluderande plattformar. Desse vil vere gode alternativ til forbrukskultur og individualisme og gode verktøy for blant anna integrering, rusbehandling og psykisk helse.

Vil du lese mer om kampanjen #kvinnerinn? Meld deg på vårt nyhetsbrev og følg Kvinneguiden på Facebook!

Les intervjuer med andre kandidater under:

Les hele saken

Se flere saker fra: #kvinnerinn

Inger-Lise Kvås, redaksjonsjef

Vi setter stor pris på kommentarer og innspill i debattene våre. Vær forsiktig med personangrep og sjikane og prøv heller å forklare hva du mener og hvorfor. Takk for at du bidrar i debatten!