Test: Nytt praktfullt festspel

Det nye festspelet Lips er enkelt, moro, og lar deg synge til akkurat den musikken du vil.

Sist oppdatert
Microsoft tenkte ikkje akkurat nytt då dei fann ut at dei ville konkurrere med Sony sin dominans på karaoke-fronten. Det var vel heller den naturlege reaksjonen på ein suksess Sony har hatt i ganske mange år.

No får vi altså enda eit nytt syngespel, og alt er veldig likt Singstar, men utviklarane hos Inis har likevel skrudd saman eit spel som vågar å vere kreativt. Lips er, enkelt og greitt, stor moro.

Popstjerne for ein dag

Sjølv om det er opplagt å samanlikne Lips med Singstar, har Inis henta inspirasjon frå ein anna kjend musikk-serie. I likskap med Guitar Heros Star Power, kan du ved hjelp av rørsler aktivere Lips sin Stjernestraum for å få høge bonusar på innsatsen din.

Du gjer det ved å imitere den posituren som blir illustrert på skjermen, og det er akkurat det spelet treng for å få folk til å sleppe seg laus, og gi litt blanke i om dei er sjenerte eller ikkje.

  • Les hele anmeldelsen av Lips på Gamer.no!
gamer

Denne saken ble første gang publisert 06/12 2008, og sist oppdatert 30/04 2017.

Les også