FYLLE ÅR

- Bursdagar er som å komma til neste level på eit dataspel

Mariell Øyre er (gulp!) 25 år.

MARIELL ØYRE: Straks 25 år. Og vaksen?
MARIELL ØYRE: Straks 25 år. Og vaksen? Foto: FOTO: Privat
Sist oppdatert

Mariell Øyre (26)

  • Forfattar, fotograf, bloggdesignar og fast spaltist for Kvinneguiden.
  • Frå Sognefjorden, har budd i London - men har flytta heim att til Sogn.
  • Står bak den populære bloggen hjartesmil.
  • Hausten 2013 kom debutromanen & me skal bli omskapte ut på Samlaget.
  • Tildelt Noregs Mållag sitt stipend.
GODIS: Fantastiske Sea Salt Caramel Truffles.
GODIS: Fantastiske Sea Salt Caramel Truffles. Foto: FOTO: Mariell Øyre

KOMMENTAR:

- 25. Vaksen, men ganske ung.

Forbi den grensa der folk kan unnskulda ein på vegne av alderen, men framleis finst det rom for å gjera grove feil, utan at dei heimsøker ein resten av livet. Hjerna er ferdig utvikla og ungar syns at ein er himla gamal. Like gamal som ein dyrare whiskey, like gamal som mamma var då ho gjekk gravid med veslesøstra mi, like gamal som Hubble-teleskopet.

Me står i sminkeavdelingen på mitt beste varehus i London, dit eg alltid kan gå for å fiksa dårlig humør og ta opp dei store emna.

Dei siste dagane har bursdagspanikken innteke kroppen min, eg har fått ryggproblem og ei hovudpine som ikkje let seg tøya med vanlige tablettar.

Alle vennene mine som er forbi tjuefemårsgrensa har fått gjennomgå lange forhøyr.

Tidligare versjonar av seg sjølv

"Det var først då eg vart 25 at eg fann ut av håret mitt", svarar ho alvorleg men med kalifornisk oppsving medan ho studerar neglelakkar. Mitt lydlause, litt håplause ansikt får ho til å famla etter eit betre svar. "Då eg var 25 starta eg å skjønna greia. Eg fekk meg ein jobb eg ikkje hata og slutta å hata vennene mine og familien min."

Det tikkar inn eit svar frå Paris: "Faktisk så var det heilt jævlig. Eg følte meg tvungen til å ta ein jobb eg ikkje ville ha fordi eg plutseleg var vaksen. På sjølve bursdagen var eg heilt åleine. Eg åt kake i pysjen også gjekk eg til eit varehus og kjøpte den dyraste augekremen eg kunne finna."

For meg er bursdagar som å komma til neste level på eit dataspel, noko som gjer det enkelt å separera den ein er no frå dei personane ein har vore før.

Likevel er ein aldri så nær alle tidligare versjonar av seg sjølv som på den dagen. For alle vart dei født i det same sekundet, på det same sjukehuset og vog nøyaktig det same.

Og kanskje er det berre på bursdagen eg lar meg sjølv sjå på dei, alle saman, som avatarar som står oppstilte og ikkje anar si eiga framtid. Eg kjenner sånn omsorg for kvar og ein av dei.

Ho som vart seks, med altfor store framtenner som fekk frukost på senga av ei vaklande krøllehåra veslesøster. Ho som vart tolv og håpte at ingen på skulen skulle hugsa bursdagen hennar.

Ho som vart femten og fekk gratulasjonsmeldingar på mobilen frå han som ho ikkje kunne vita at ho skulle gifta seg med ti år seinare.

Level 25

No er eg på level 25. Tjuefemte versjon av meg sjølv. Eg elska den tjuefjerde versjonen. Ho var uredd, renska opp i ein masse grums og prøvde sitt faktiske beste. Ho skifta alle passord og sydde att hola i strømpebuksene, hugsa å ringa bestemor og kom over redsla for pengar og alt som har med dei å gjera. 

25, har eg tenkt, ho tek dei rette valga.

Lagar Coq au Vin, lærar seg å køyra bil, giftar seg og brukar tanntråd sjølv om ingen tvingar ho.

Ho kan spørja om å få fotografera framande og delta i debattar utan å krympa seg.

Med gullkant, større kapasitet og lengre batteritid.

KOS: Verdig en 25-åring?
KOS: Verdig en 25-åring? Foto: FOTO: MARIELL Øyre

Denne saken ble første gang publisert 30/05 2015, og sist oppdatert 30/04 2017.

Les også