For en måned siden ga vi Kvinneguidens brukere en mulighet til å vinne gratis leie av brudekjole og utstyr fra Bodabrud . Konkurransen gikk ut på å sende inn bryllupsinvitasjoner man hadde laget selv, sammen med fremgangsmåte.

Den heldige vinneren har blitt trukket ut tilfeldig blant alle de innsendte bidragene. Vi gratulerer: Linn Therese Malkenes!!

Andre utvalgte bidrag presenteres på Kvinneguiden i ukene fremover, så følger du med vil du finne mange gode tips til utforming av invitasjoner.

Den kommende bruden skriver:

Me starta med ein tur på Panduro .
Der kjøpte me kvit kartong. På Panduro sel dei slike i ca A3-format, med ti i kvar pakke.
Kartongen måla me med akrylmåling. Lilla på eine sida og grønt på den andre sida.

Då det var tørka, delte me dei i to, før brettinga byrja.
Me bretta dei slik ein kan sjå av bileta, altså begge kortsidene inn mot midten.

Etter at me hadde dikta teksten som skulle stå inni, måtte me gjera klare arka teksten skulle skrivast på.
Arka kjøpte me også på Panduro, handlaga ark med strå i, i ein lys kremfarge. Desse var i A4-format då me kjøpte dei.
Me delte arka på midten, men ikkje med saks. Me reiv dei. Så reiv me av ei lita remse rundt heile kanten på arket som no var i A5-format, for å få ein litt frynsa effekt.

Så skreiv eg teksten på på alle invitasjonane for hand, med brunt blekk og ein "trepinne" (til blekkskriving) også kjøpt på Panduro.
Deretter limte me arka inn i invitasjonane med RX-lim eller Skole-lim. Me kjøpte basttråd på No1 Nordbyes Fargehandel i Bergen. Lilla og grøn. Desse surra me rundt invitasjonane, ein og ein, og laga ei fin sløyfe framme.

Me brukte brune, store konvoluttar (Spar) som me bretta slik at dei passa til invitasjonane våre før me forsegla konvoluttane med raud voks som me stempla att med hjartestempel (begge frå Panduro). Konvoluttane vart også påskrivne for hand, med blekk.

Les hele saken
Les alt om:

Inger-Lise Kvås, redaksjonsjef

Vi setter stor pris på kommentarer og innspill i debattene våre. Vær forsiktig med personangrep og sjikane og prøv heller å forklare hva du mener og hvorfor. Takk for at du bidrar i debatten!