Enkle fototips

Dei beste fototriksa har ikkje noko med teknikk å gjera

Slik kan du også få betre bilete.

Foto: FOTO: Mariell Øyre
Sist oppdatert

Mariell Øyre (26)

  • Forfattar, fotograf, bloggdesignar og fast spaltist for Kvinneguiden.
  • Frå Sognefjorden, har budd i London - men har flytta heim att til Sogn.
  • Står bak den populære bloggen hjartesmil.
  • Hausten 2013 kom debutromanen & me skal bli omskapte ut på Samlaget.
  • Tildelt Noregs Mållag sitt stipend.
LATTER: - Det viktigaste for meg at folk føler seg trygge og at det er rom for å le.
LATTER: - Det viktigaste for meg at folk føler seg trygge og at det er rom for å le. Foto: FOTO: Mariell Øyre
LEGG EIN PLAN: - Til bryllupsjobbar har eg ofte ei liste over bilder som skal takast.
LEGG EIN PLAN: - Til bryllupsjobbar har eg ofte ei liste over bilder som skal takast. Foto: FOTO: Mariell Øyre

KOMMENTAR:

Er du blitt spurt om å fotografera bryllupet til kusina di eller ein konfirmant? Har du ein liten ein som skal døypast eller feira navnefest? Kanskje er du heilt ny i fotograferingsverda?

Her er iallfall nokre tips eg skulle ønskja nokon hadde gitt meg då eg først starta.

1. Hold fokus på komfort og la folk le

Dette er det viktigaste for meg, at folk føler seg trygge og at det er rom for å le.

Snakk med dei du tek bilder av og, i eit bryllaup; la dei snakka med kvarandre (dei vil egentlig berre klina uansett).

Når ein fotograferer born og ungdommar kan det vera nødvendig å hoppa rundt som ein tulling for å få dei avslappa.

Borna syns ein er oppriktig morsom medan ungdommane ler av nervøsitet, berre hugs å ta mange bilete.

Og her er det jo opp til den enkelte fotograf å finna sin stil, men eg rettar svært sjeldan på nokon som står framfor eit kamera.

Eg ber aldri om å ta ned haka eller gje meg eit smil.

Folk stiller seg opp som dei er komfortable med å bli fotograferte, og då er dei, i mi meining, aller vakrast.

2. Kommunikasjon og inspirasjon

For at fotograferingen skal gå så glatt som mogleg og vera avslappa er det óg viktig å ha avklara ein del ting på forhånd: Finst det spesifikke bilder dei vil ha, korleis vil dei at det skal sjå ut? Vil dei ha bilete med konfirmanten med foreldre? Kanskje er dåpskjolen viktig å fanga i sin heilhet? Likar dei bileta i svart/kvitt eller fargar?

Fortel litt om korleis du ser det for deg og korleis du jobbar, kva kan dei venta seg av deg som fotograf.

Om du er usikker og ikkje har så mykje erfaring kan det vera greit å spørja om kva som er forventningane til deg som fotograf óg. Utveksle gjerne eksempel, det er sånn ein best kan forstå korleis ein har tenkt.

Den enklaste måten å finna inspirasjon og eksempel på i desse dagar, er Pinterest.

Søk til dømes på "baby photo", "family photo" eller "wedding photo". Der vil det komma opp både tips og eksempel. For dåp eller konfirmant funkar eit gamaldags bildesøk på Google aller best!

Til bryllupsjobbar har eg ofte ei liste over bilder som skal takast, spesielt om paret ynskjer mange gruppebilete.

Da er det lettare å halda fokus, og alle blir glade av ein kjapp fotograf.

3. Spør om hjelp

Ofte kan ein trenga eit ekstra par med hender til å halda utstyr eller bruka ein reflektor.  Velg nokon som den/dei du fotograferer er heilt komfortabel med, eg vil heller ha ei venninne eller ein forelder enn ein assistent.

DETALJAR: Ikkje gløym de små detaljane.
DETALJAR: Ikkje gløym de små detaljane. Foto: FOTO: Mariell Øyre
GOD INVESTERING: - Ein reflektor kjem til å å hjelpa uendeleg mykje.
GOD INVESTERING: - Ein reflektor kjem til å å hjelpa uendeleg mykje. Foto: FOTO: Mariell Øyre

Om eg skal fotografera større grupper får eg alltid nokon i følget til å hjelpa til med det, gjerne ein toastmaster eller nokon folk høyrer på.

Ofte er det avklara på forhånd kven som er denne hjelparen. For å gjera gruppebileta gøy, tek eg det gjerne ovanifrå. Det får folk til å fokusera meir på kamera. Og hugs at det er ikkje så nøye om ikkje alle ser perfekte ut i gruppebileta.

4. Leit etter skuggen

Om sommaren er ikkje sola din venn når det kjem til fotograferingen.

Den som i januar lagar eit så mjukt og kaldt lys saman med snøen er i juni og juli eit skuggedannande mareritt. Spesielt når ein fotograferer born er det viktig å komma seg ut av det sterke lyset. Den enklaste løysinga på dette er å søka seg til skuggen.

Min favoritt er å plassera dei eg fotograferer under eit tre.

Lauvverket lagar mjuke skuggar som jamnar ut og gjer ansiktet meir avslappa (ingen ser særleg bra ut når dei myser mot sola).

6. Invester i ein reflektor

For berre nokre hundrelappar kan du kjøpa ein slik 5-i-1-reflektor.

Det er den enklaste og luraste investeringen ein kan gjera utanom å kjøpa nytt og dyrt utstyr, og det kjem til å hjelpa uendeleg mykje.

For dagar då sola er ekstra sterk eller ved barnefotografering brukar eg diffuseren inne i reflektoren, den dempar lyset og jamnar ut.

Om du ikkje har moglegheit til å kjøpa ein reflektor kan eit kvitt laken gjera same nytten!

Her er ein Youtube-video som syner korleis ein brukar ein reflektor:

Youtube-video

7. Bonus: Krise-kit for bryllupsfotografar

Ein profesjonell fotograf har gjerne sjekklister over sånt som må finnast i kameraveska: kamera, minnekort og ekstra minnekort, ekstra batteri, reflektor, ladarar osv.

Men, i mi kameraveske har eg óg eit krisekit.

I det har eg alt ein skulle kunne komma til å trenga på ein bryllupsdag, sidan mi rolle nesten alltid går utanfor berre fotograferinga; smertestillande, plaster, matt gjennomsiktig pudder, kleenex, tampongar, tyggegummi, q-tips, småpengar, hårklemmer, sikkerhetsnåler,- og ikkje minst: snacks til fotografen.

Vil du lese flere inspirerende artikler?  Meld deg på vårt nyhetsbrev og følg Kvinneguiden på Facebook!

Naturleg: - Eg ber aldri folk om å ta ned haka eller gje meg eit smil.
Naturleg: - Eg ber aldri folk om å ta ned haka eller gje meg eit smil. Foto: FOTO: Mariell Øyre

Denne saken ble første gang publisert 22/05 2015, og sist oppdatert 26/06 2017.

Les også