FINALIST I SKRIVEKONKURRANSEN «MATRO»

Kva skjedde med kvardagskost og helgekost?

Kva er egentlig ja og nei mat? Sunn mat og usunn mat har fått nye navn.

Mat har blitt trend. For mange betyr mat diett og livsstil. Maten skal spegle kven vi er og kva vi står for, skriver Kristin Tveranger Nyheim i dette innlegget.
Mat har blitt trend. For mange betyr mat diett og livsstil. Maten skal spegle kven vi er og kva vi står for, skriver Kristin Tveranger Nyheim i dette innlegget.
Sist oppdatert

KOMMENTAR: Ein vårdag i 1987. Veslesøstera mi er på veg til eit bursdagsselskap. Eg står i vindauget og ser korleis ho småløp i svarte kinasko ned bakken frå huset vårt. Pynta i turkis kjole, og kvite sløyfer i håret. I den eine handa har ho gåva. I den andre ein matboks med kaker og pølsebrød som mamma har baka.

Ren gift

Vesle Marte hadde cøliaki. Ingen hadde høyrt om glutenfri mjøl i 1987, og ingen andre enn mamma kunne bake kaker med det glutenfrie mjølet. Mjølet måtte foreldrene våre bestille gjennom berre ein butikk. I heile barndommen måtte søstera mi ha med sine eigne kaker når ho skulle i bursdagsselskap. Det var trist å sjå på.  Men det var nødvendig, for gluten var gift for veslesøstera mi.

Glutenfri for alle

I dag veit alle kva gluten er. Ein får kjøpt meir enn berre glutenfri mjøl på butikken, og ein får og servert glutenfri mat på kafe og bakeri. Dette er helt fanastisk for dei med cøliaki. For alle andre er det totalt meiningslaust å spise glutenfritt. På vegen frå barndommen då søstera mi ganske einsam måtte ha med seg eigen bakst i selskap, til dagens samfunn, har det kanskje bikka over. Plutseleg blei gluten gift for oss alle.

Ja-mat og nei-mat

Mat har blitt trend. For mange betyr mat diett og livsstil. Maten skal spegle kven vi er og kva vi står for. Gjennom maten skal vi fortelje andre kor friske vi er, eller kor sunne og opplyste vi er. Og som med alle andre trender, gjeld det å følge med. Enten er du inne, eller så er du ute. Ein hører om ja-mat og nei-mat. Mange har overraskande god oversikt over næringsinnhaldet i maten.  Som om næringa i maten aleine er det viktigaste.

Har vi glemt det viktigste?

Ein gong i løpet av denne tida har ein kanskje tenkt at om ein berre spis riktig mat, riktig mengde, og får fjerna diverse gift frå kroppen, vil ein kjenne seg betre. Kanskje leve lengre, halde seg frisk, bli slank, og få ein god fysikk. Eg er einig at det er ein god tanke. Det er berre det at vi på vegen hit gløymde det viktigaste av alt.

FAKTA OM SKRIBENTEN:

Navn: Kristin Tveranger Nyheim

Alder: 37

Ellers: Er oppvokst i Florø men bur no i Hakavik i Øvre Eiker kommune sammen med mann og to barn på 8 og 5 år.  Jobber som operasjonssjukepleier.

 

For mat er så mykje meir enn næringstoffer som skal halde oss unge og friske. Mat er først og fremst måltider, og familiens viktigaste tid saman. Både når vi tilbereder maten, og når vi sett oss ned for å nyte den. Gjennom maten blir vi betre kjent. Maten bind oss saman og sørger for at vi lever.

Far min seier alltid at middagen er det viktigaste måltidet.  Han sa det spesielt retta mot veslesøster då vi var små. Ingen andre måltid kan måle seg med den varme maten. Middagen samler familien og tilbyr oss nesten alt eit måltid skal av næringsstoffer, proteiner og karbohydrater.

Feil fokus

Kva er egentlig ja og nei mat? Sunn mat og usunn mat har fått nye navn. Problemet er at mange oppfatter ja og nei som to bastante deler. Ja-mat kan du spise, mens nei-mat er farleg. Kva skjedde med kvardagskost og helgekost? Kva ein helst skal spise i kvardagen og kva  ein kan unne seg til fest, er ikkje det same som ja- og nei-mat. Det er snakk om mengder.  Mat er ikkje farleg. Mat er godt.

Enkel lykke

For meg kan lykka ganske enkelt være ei brødskive med ost etter trening. Kva skjedde med maten du voks opp med? Brødskiver, kjøttkaker og vafler. Den maten som var med på å forme deg gjennom barndommen. Kvifor er den plutselig blitt så farleg? Lukk att auga dine, og sjå for deg barndommen din uten denne maten. Hadde den hatt dei same kjenslene, luktene og smakane.

Ein varm sommar for eit par år sida, var familien min på båttur. Vi sov i båten, og blei ved ei øy ei heil veke sammen med gamle og nye bekjentskaper. Det var ein slik norsk sommar der barna løp nakne frå morgon til kveld. Vi gjorde ikkje anna enn å bade, sole oss og grille. Om kveldane sat vi voksne rundt eit bål. På slutten av veka begynte alle å bli tomme for mat. Vi snakka om å returnere. Takke for oss og kome oss heim.

Matdugnad

Då var det eit klokt hode som foreslo at vi skulle lage eit fellesmåltid av den siste maten Alle gjekk til båtane sine og fant fram siste rest av mat. Ein hadde mykje poteter, ein hadde pølser. Vi hadde brød og mais. Nokon hadde kylling og ris. Vi grilla alt vi hadde, kokte poteter, satt alt på eit bord, og spiste sommarens beste måltid. Då lærte eg at kokte nypoteter med smør på, absolutt er eit fullverdig måltid, ja kanskje noko av det beste sommaren har å by på.

Finalist i Matro-konkurransen

Mills startet Matro-initiativet våren 2015, for å sette kostholdshysteriet på dagsorden, og hjelpe folk ta tilbake et sunnere og mindre komplisert forhold til mat. Flere lever så sunt at det blir usunt, og for mange er måltidet mer preget av stress, usikkerhet og dårlig samvittighet enn selve maten og trivselen rundt bordet.

Matro handler om å senke skuldrene. All mat trenger ikke være lagd fra bunnen for å være både sunn og god.

Mat- og merkevarehuset Mills er et familieselskap på Grünerløkka i Oslo med røtter tilbake til 1885. Mills produserer matvarer under merkevarene Melange, Mills, Delikat, Soft Flora, Vita hjertego’ og Stryhns.

Les mer på www.mills.no/matro

Eg er ganske sikker på at den sommaren og den ferien vil mine barn alltid hugse. Der skapte vi matro. Der gleda vi oss over noko så enkelt som poteter og godt selskap. Vi laga langbord ute i naturen. Vi var lykkelege. For kanskje har vi gjennom tida frå vår eigen barndom til vaksenlivet gløymt det viktigaste av alt; Mat gir ikkje berre næring til kroppen, men og til sjela, vennskap, familie og minner. 

Nødvendig gode

Når eg tenker på gode øyeblikk gjennom livet, inneheld dei fleste av desse stundene mat. Lykke og mat er to like ting. Ein treng stadig påfyll for å ikkje sulte i hjel. Ofte har heilt enkel mat forsterka ein fin dag, eller eit godt selskap. Det har vore stekt ørret på telttur, eller brødskiver med saltpølser på ein fjelltur. Det er kaffe tidleg ein morgon ute på verandaen saman med mannen min. Det er søndagsmiddagen med storfamilien, eller det er heimelaga blåbærsyltetøy på rare pannekaker. Det er pepperkakehus med ein glutenfri utedo. Minner som fremdeles lev vidare gjennom mine barn, men på ein litt anna måte.

Lov å si nei takk

Det er så viktig å minne seg sjølv på at mat ikkje berre skal regulere kroppvekt. Mat er kultur, sosialt, glede, barndomsminner, tradisjoner og samhald. Mat er sterke kjensler. Det er einsamt å stå utanfor, så redd for kva maten gjer med deg. Når vi kosar oss inne ein regnfull dag med å bake boller, er heile poenget å spise dei etterpå saman med dei små. Eg er forbildet deira. Eg og mannen min skal være med på å skape gode barndomsminner, gode spisevanar, og eit avslappa syn på kropp.  Mat kan være kvardagsleg og kjedelig, men aldri ete med tvang. Det er lov å ikkje like noko. Det er lov å ikkje spise opp.

 

Til slutt vil seg berre seie dette; Ein treng ikkje dele og skrelle eplet for å få barn til å spise det.  Gjer som far min lærte meg; spis heile eplet. Skrotten og. Som lita gjorde eg det, spiste heile eplet akkurat sånn far min gjorde. Heilt til eg sat att med berre stilken.

Denne saken ble første gang publisert 16/09 2016, og sist oppdatert 29/04 2017.

Les også