Gå til innhold

Trur det vert Eid i sommar pga...


Anonym bruker

Anbefalte innlegg

Eg har termin 070707, og har lenge lidd valgets kvaler om eg skal velge Ålesund eller Eid. Var først bestemt på Eid, men så "svitsja" eg til Ålesund, men no er eg tilbake til Eid igjen.... Årsaka er at eg har leita litt etter info om begge plassane, og personalet og oppfylging virka til å vere likt begge plassar. Alt er personavhengig, både kven som er på vakt, og kven ein sjølv kommuniserar best med. Så dette er vanskeleg å gjere noko med på forhånd. Det som gjorde at eg no er 90% sikker på at eg vil til Eid er at det berre er 50% sjangse for at ein får ligge på barselhotell på Åse (etter mange runder diskusjon med meg sjølv, fann eg ut at barselhotell kanskje var ganske ok etterom eg synst dei "masa" litt for mykje i Volda forrige barselopphold. Kunne tenkt meg å vore litt meir i fred) OG med 50% sjangse for å ligge på barselavd på Åse. Dersom det sistnevnte skulle skje (feks ved gulsott, keisersnitt, tang, vakumpumpe ol) så er det på Åse meir hektisk, ekle dusjar..(rad på rad, og må ha blå posar på beina når en dusjar) osv. mindre personleg, strengare ang besøkstid.

Dette er min konklusjon. Men pratamed ein politikar frå Ålesund, han sa at eg skulle velge Eid dersom det føltes tryggar for meg, men ikkje pga eit politisk ståsted, eller for å "straffe" helse sunnmøre. Dette begrunna han i at HS tapar pengar i staden for å spare, dersom mange velg Eid, og dette kan medføre at det er flerie avd ved dei lokale sjukehusa som må vere stengt i perioder. Also, vi kan ramme andra grupper i tillegg til dei fødande.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...