Gå til innhold

Hjelp, eg treng råd


Anonym bruker

Anbefalte innlegg

Hei,

eg (mann, 24) har i det siste rett og slett blitt lei av sambuaren min.

Me har ei lita jente på 14 mnd. i lag.

 

Medan me dreiv på for tre år sidan, og begge var tydeleg forelska i kvarandre, var ho utro minst tre gonger (utan at me var offisielt i saman). Dette knuste hjertet mitt, men til tross for dette blei me kort tid etter enige om at me skulle prøve å vere eit ordentleg par med betingelse om at ho skulle slutte å drikke seg dritings og rote med andre mannfolk.

 

Eg tenkjer den dag i dag på dei utroepisodane.

 

No, tre år seinare, har ho roa seg med drikkinga, men ho har utvikla eit temperament eg aldri har sett maken til. Ho blir sur for den minste ting og det har no komme til bristepunktet. Om ikkje ting skjer når/korleis ho seier at ting skal skje/vera, blir ho fly forbanna. Jentungen vår fortjenar ikkje at me kranglar heile tida.

 

Me har forskjellige interesser og meiningar når det gjeld fritidssyssler, tv-kanalar og andre avgjerder ellers. Eg elskar fotball, ho hatar fotball. Eg likar å vere sosial, ho likar ikkje å vere sosial. Dette har gjort til at eg har mista kontakten med alle vennene mine. ALLE, og eg hadde mange venner. Dessutan er familien hennar eit kaos utan like.

 

Forrige laurdag hadde ho vondt i hovudet og gikk å la seg tidleg, då bestemte eg meg for å reise bort til bror min å ta nokre pils. Eg kom heim i fin forfatning i 4 tida, og ho blei forbanna for at eg var so sein fordi ho ikkje får sove når eg er ute av huset. Eg ignorerte kjeftinga og sovna på sofaen for so å stå opp med dattera vår når ho vakna i 7-tida. Sambuaren min sov til klokka halv 12 og var like forbanna når ho vakna. 

 

Denne helga ville ho at me skulle reise på eit kjøpesenter for å handle. Ho veit godt at eg hatar å gå på senteret, men eg sa likevel at eg kunne bli med for å vere hyggeleg. Komplikasjonar med barnesetet førte til at me måtte bli heime, og då kjefta ho meg huden full for at eg kunne ordna dette før og at eg hadde øydelagt "nok ein" fridag for ho. Ho var sur resten av dagen. Søndag var eg dritt lei (igjen) og hadde lyst til å flytte ut ein gong for alle (sjølv om eg for alt i verden vil vera med jentungen min). Då er ho plutseleg kjempenormal og skjønnar ikkje noko av kvifor eg er sur. Sånne ting som dette skjer gong på gong og har ført til at eg har mista følelsane for ho - trur eg. Det føles feil å kysse ho til og med.

Før eg møtte ho hadde eg ALDRI - og då meinar eg ærleg talt ALDRI - vore i ein krangel - rett og slett fordi eg er ein roleg, glad og snill mann, men no kranglar me dagleg. Ho får fram det værste i meg. Eg har mykje eg kunne sagt, men eg trur eg stoppar der.

 

Kva bør eg gjere? Er det håp? Kva kan eg gjere for å få dette forholdet på skinner igjen? Eg treng verkeleg råd! Håpar nokon kan hjelpe meg. Helsing forvirra, ulykkeleg og usikker mann

Anonymous poster hash: a232a...5ec


Anonymous poster hash: a232a...5ec



Anonymous poster hash: a232a...5ec
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...