Gå til innhold

ein til solskinnshistorie (laaaangt)


helixxx

Anbefalte innlegg

Hei. Eg las nettopp ein solskinnshistorie her og tenkte at de fortenar fleire. Eg har skrevet om.min happy ending før, men vil gjenta den no.

I 2001 og 2005 fekk eg barn og eg hadde den perfekte familien. Desse graviditetane kom til på første forsøk og foregjekk heilt normalt og ukomplisert. I 2009 brukte eg omtrent 6 mnd på å overtale min kjære mann om å få nr 3. Eg trudde jo at det "berre var å "bestemme seg for eit barn" og så kom det. Etter 3 mnd prøving vart eg gravid. I vk 7 spontanaborterte eg. For meg var dette heilt uvirkelige; at det skulle skje meg. Etter 2 vk med tårar klarde eg å overtale helixxx-mannen igjen. Vart gravid med ein gang (graviditetstest var negativ i mellom), og mista igjen i vk 7. Etter kontroll hos fastlegen (utan ul) gjekk eg privat og fekk bekrefta komplett spontanabort. Denne gangen bestemte meg for å vente 1 mens. Vart gravid igjen på første forsøk og livet var igjen "balansert". Eg voks litt og var litt dårleg og fekk konstantert liv i vk 8, men utover vk 14-15 hadde eg ein gryande mistanke om at noko var gale. Tenkte at eg ikkje måtte vere hysterisk og venta på ordinær ul. I vk 17 begynte eg å blø. Ein tur på legevakta resulterte i ein henvisning til Haukeland 2 dagar seinare....som viste at fosteret var mindre enn 10 vk og dødt. Eg fekk velge om eg ville ha cytotec eller utskraping og valde det siste. Som habutuell abort pasient fekk eg time for utredning. Verda raste! Eg var heilt ute av meg og levde i eit slags vakuum. Det var på denne tida eg fant desse sidene og fant all informasjon som eg ellers mangla. Det var så godt å ha noken å snakke med som forsto meg.

Etter dette fulgte eit år med trøbbel i forholdet fordi eg var heilt besatt om å prøve igjen. Mannen ville ikkje meir fordi han meinte det ødela meg. Utredning visteingenting.....men eg fekk "post partum thyriditt" (stoffskifteproblem etter svangerskap) noko som gjorde at eg første råds i vekt og vart heilt hyper; så gjekk opp i vekt med masse mageproblemar med månader med blodig avføring. Livet var drit og det gjekk ut over heile,familien.

Heldigvis har eg verdas beste mann. Som elskar meg! Han gjekk med på å prøve igjen etter laaaang masetid og flytting og styr. Etter 1 år (2 pp) vart eg gravid igjen. Var superdårleg! Ved tidleg ul viste det tom fostersekk. Gjennomgjekk først cytotec-kur, så utskraping etter 1 veke. Legen ringte etter nokre dagar og sa at deimistenkte mola (ein tilstand der det blir laga fosteranlegg av kun fars genmateriale (kan utvikle seg til kreft som sprer seg). Eg fekk dermed "karantene", dvs null graviditeter og hyppig hcg-testing. Visste ikkje om eg skulle le eller grine eller vere redd. Fekk bekrefta komplett mola, men sidan hcg gjekk forholdsvis fort ned fekk eg kun karantene i 6 mnd og då måtte hcg vere 0......dette var faktisk ein fin tid sjølv om eg var utålmodig. Endeleg hadde vi sex utan press eller vemod! Etter 6 mnd begynte eg masinga og hysteriet igjen. Og igjen så sa mannen motvillig ja. Vart fort gravid igjen.....fekk crinone og albyl-e. På kontroll hos jordmor i vk 15 (etter gode uk i vk 7, 9 og 12) fant Ho ikkje hjertelyd. Ul på sjukehuset konstanterte at min 5te abort var eit faktum. Og no var fosteret 13-14 vk og eg måtte føde det.det var heilt frykteleg og eg har fortrengt mesteparten. Historien er skrevet her før. Eg kom meg gjennom det utan mannen og med verdas beste sjukepleiar.....fekk også sjå lille babyen/fosteret mitt. Han/ho var nydeleg....

Etter dette datt livet i grus igjen. Eg var heilt på tuppa. Redningen min var at eg traff ein tidlegare kollega som og har mista mange gangar.Ho anbefalte dr.Mortensen i Bergen. Raskt, men utan håp, bestilte eg time. Faktisk utan å ha snakka med mannen. Mortensen var svært effektiv. Satte med på pergotime og eggløysingssprøyte for å få optimale egg. Ul vart gjort både ved mens og ved forventa eggløysing. Så fekk eg beskjed om at 1 egg var klart og når vi skulle ha sex. Etter å igjen overtale mannen min så fekk eg viljen min. Begynte med albyl-e og prednisilon før sex trur eg. Og dette resulterte alltså i min 8de graviditet. Eg var heilt rår og likegyldig. Til og med på første ul i vk 7 der legen påviste -tvilling-graviditet. Det kom jo til å gå gale uansett. Starta på crinone og klexane og. Hugsar egentleg ikkje heile når alt dette skjedde. Alt er i tåke. Fekk ul 9vk, 12 vk, 15 vk, 18vk, osv. Alt var bra. Etter oul gjekk det liksom opp for meg at dette skulle skje. Eg skulle faktisk bli mamma igjen. Då meldte nervøsiteten seg og svangerskapet var eit helvete pga det. Eg sov ikkje og levde liksom på desse sidene. Offameg. Familien min må ha lidd.

Uansett: 4de februar i år vart eg mamma igjen til 2 nydelege jenter og brått var dei 4.5 åra som habituell abort-pasient gløymt. Det er heilt fantastisk! Og det er så verdt slitet. Eg håpar resten av familien min synst det og! Det har absolutt ikkje vore ein dans på roser, og det har vore hardt for forholdet. Veldig hardt. Man må veie for og imot om man orkar det. For det er ikkje tvil om at det er fælt og tungt og nennsomt! Men no følest det berre som ein vond draum.

Dette er veldig sjølvterapi for meg, men eg håpar at det kan gje andre håp og. Eg veit det er mange sim gjennomgår dette utan å ha barn frå før.....og,eg trur akkurat det at eg hadde barn gav meg styrke og tru. Men akkurat det at eg hadde 2 frå før gjer jo også min "handling" litt egoistisk....

 

Uansett: eg heiar på dykk. I mitt arbeidsliv er eg forskar, og viss eg får mulegheit skal eg prøve å få til eit studie på habituell abort. Håpar de er positive til det.

 

Lykke til!

 

 

Ps:beklagar skrivefeil. Skrevet med min htc

Lenke til kommentar

Fortsetter under...

Solskinnshistorier er alltid velkomne :-)

De har gitt meg mye håp :-)

Og syns det er veldig fint at noen har lyst til å forske på habituell abort, må jo finnes flere årsaker enn de man vet om nå!

Lenke til kommentar
  • 3 uker senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...