Skrevet 17 juli 2012 - 22:03
Har alt i hus - mesteparten fra forrige gang, men har ikkje ordna alt heilt klart enno. Bagen er ikkje pakka, men skal ordna det snart - var ikkje ferdig pakka då fødselen starta sist (7dg før termin), men det gjekk fint likevel.
Har kontroll på kvar alt utstyr er, har funne fram alt, men ikkje vaska sengetøy og klær på nytt enno. Har heller ikkje montert opp senga att, men skal gjera det denne veka. Vogn er klar, men ikkje sengetøy. Bilsete blei montert i bilen i går. Kjøpte 1 bleiepakken i dag (storebror bestemte at det skulle gjerast). Har ellers klart ammeinnlegg og lanolinsalve (i tilfelle såre bryster i starten) og har ammebher frå sist. Må vel også fylle stellekommoden og få den inn på badet att før lillbror kjem. Ein liten vask av soverom og bad høyrer vel også med, men er mykje mindre stressa på slikt enn sist. Blir nok ikkje så mange 90 graders vask denne gongen. Lillebror får nok mange barnehagebakterier mm likevel....
Ser fram til fødselen og til permisjonen som starter om 1 veke. Merker at det er litt tyngre enn sist, særlig å gå (ømt forran i symfysen/bekkenet), men ellers i relativt god form.
Håper lillebror kommer litt før termin eller rundt der - er ikkje klar for overtid. Skal snart bestille time til modningsakupunktur. Hadde det sist med stort hell - siste timen satte i gang fødselen - hadde ein fin fødsel.