Mammapermisjon

Jobb versus permisjon

No skal det avgjerast, kva som er best av å vere i mammapermisjon eller på jobb.

MAMMAPERMISJON: Å nyte permisjonstida gjorde eg berre i korte glimt. Slik det er med lukkekjensla også elles i livet, skriver Kari Mathilde Hestad
MAMMAPERMISJON: Å nyte permisjonstida gjorde eg berre i korte glimt. Slik det er med lukkekjensla også elles i livet, skriver Kari Mathilde Hestad Foto: FOTO: Privat
Sist oppdatert

KOMMENTAR:

Eg kan berre snakke for meg sjølv, men då eg var i mammapermisjon brukte eg pinleg mykje hjernekapasitet berre på å planlegge alt eg skulle ordne og vaske. Som kjøkenvifta, bestikkskuffa og kjøleskapet (alltid), lufteventilane, taklampane og dei opne hyllene på kjøkenet. Og alle skapa eg skulle sortere og rydde i!

For ikkje å snakke om kor mange aktivitetar eg og babyen skulle gjere saman – når eg berre fekk tid til overs.

Noko eg så klart aldri fekk.

Lita verd

Ein annan ting var tendensen eg fekk til å blåse kvar minste lille hindring ut av alle proporsjonar. Om vesla nekta å ta formiddagsluren sin, eller ikkje sov like lenge som eg hadde planlagt, reagerte eg nærmast som om huset rasa saman over over hovudet på meg.

Å, så frustrert eg kunne bli, av alt eg aldri fekk tid til, der eg tusla rundt i joggebuksa med den (stort sett) blide veslejenta mi på armen!

Å nyte permisjonstida gjorde eg berre på i korte glimt. Slik det er med lukkekjensla også elles i livet.

Draumen om tid for seg sjølv

Eg seier ikkje at det er slik for alle. For eg ser det jo sjølv, at mødre flest heilt klart har større kapasitet enn meg, der dei fyk rundt på bootcamp, babysvømming og –song, kaffibesøk med barselgruppa og trilleturar med turistforeininga.

Kari Mathilde Hestad

Kari Mathilde Hestad (38)

Journalist i Foreldre.no og mor til to barn på 1 og 4 år.

Medan eg altså brukte store delar av permisjonstida på å irritere meg over rot og over at eg aldri fekk gjere det eg hadde lyst til.

Som altså var å vaske. Og drikke kaffi utan at det knirka i babycallen med det same eg satte meg ned.

Ny kvardag

No er permisjonen over, og eg er tilbake på jobb. Til samanlikning: Andel hjernekapasitet brukt i permisjonstida til å hisse meg opp over brødsmular, klissete og møkkete vindaugsruter, dører, dørhandtak og veggar: 95 prosent. Tilbake på jobb: Mindre enn 0,5 prosent.

Men det har sine førdelar å gå heime også, så klart. Og no som eg er tilbake på jobb etter å ha vore heime i halvanna(!) år, passar det å lage ei kjapp oppsummering.

For kva er eigentleg best, jobb eller permisjon? Her er mi meining.

Fordelar med permisjon:

1. Du kan dasse rundt i pysjen til klokka 14, babyen kunne ikkje brydd seg mindre.

2. Du treng ikkje bruke pengar på frisør, sminke eller nye klede, babyen kunne ikkje brydd seg mindre om det heller. Og partnaren din har mest sannsynleg ikkje (søvn)overskot til å bry seg.

3. Familien har god tid om morgonen. Om det er storesøsken som skal leverast i barnehagen, er det ingen grunn til å skunde seg, kvifor ikkje levere klokka 11, slik eg gjorde på det verste? Barnehagepersonalet blir kanskje litt småirritert for at ungen din kjem så seint at det pedagogiske opplegget deira blir forkludra, men pytt, pytt.

4. Du kan gå på kafé kvar einaste dag, om du har råd til det. Noko må du jo finne på, når babyen har sovna i vogna.

5. Det er stor fare for at du etterkvart vil operere som ei husmor med superkrefter, med stålkontroll på kva som trengst å handlast på butikken, og med detaljert oversikt over innhald i kjøleskap og frys. Du får også kjøpt inn bursdagsgåver i god tid, noko som aldri skjer når begge foreldra jobbar fullt, og på mystisk vis blir det aldri lenger tomt for støvsugarposar.

Fordelar med jobb:

1. Du slepp kjærasten sin meir eller mindre uttalte forventning om at du skal fikse «alt» på heimebane. Når begge jobbar, må ein dele på husarbeidet.

2. Du får tid til å drikke kaffi i fred, tenkje ferdig ein tanke, sjå ut av vindauget og konsentrere deg om noko. Fungerer veldig fint, så lenge du klarar å undertrykke instinktet som brølar i kroppen dei første dagane: «Ikkje gå frå babyen din!»

3. Verda di blir større, det er ikkje lenger så farleg at kjøkenvifta held på å gro igjen av størkna feitt og at du kjenner ei ubestemmeleg lukt kvar gong du opnar kjøleskapet. Det at du på jobben får tid og ro til å løyse oppgåver som har eit synleg resultat gjer deg tilfreds nok.

4. I løpet av arbeidsdagen får du mest sannsynleg tid til å ete eit fullverdig måltid med ingrediensar frå alle delane av kostsirkelen. Ikkje berre stappe i deg det første og beste du finn i skapet, (som oftast er ein halv pose ostepop frå helga), og kalle det «lunsj».

5. Du slepp å ende opp som minstepensjonist. Konsekvensen av ein lang mammapermisjon etterfølgd av deltidsfella - eller «meir tid til borna», som ein gjerne kallar det - er at du fort kan bli gløymd og forbigått på arbeidsplassen. Det er også stor fare for å havne bakpå både lønsmessig og i kompetanse.

Takk til den norske stat

Så summert opp vil eg seie: Alt til si tid. Eg er den norske stat evig takknemleg for dei to åra eg til saman har hatt heime med mine to små. Men det er også veldig godt å sleppe far til, og heller kome heim og vere den som klagar over alt han ikkje har fått gjort «når han berre har gått heime».

Vil du lese flere slike saker? Meld deg på vårt nyhetsbrev og følg oss på Facebook.

Denne saken ble første gang publisert 02/06 2016, og sist oppdatert 30/04 2017.

Les også