Ragne Beate Larsen (35)

Student i rettsvitenskap og heiltidsmamma.

Har tvillinger med infantil autisme.

Brenner for å auke kunnskap og forståelse rundt eit liv der autisme grip inn i alt vi gjer.

Skriver bloggen På randen med Ragne.

KOMMENTAR:

Mange kvinner med born som har funksjonshemmingar dett utanfor arbeidslivet.

Dette er ei sanning utan modifikasjonar.

Ikkje alle, på langt nær ikkje alle, men mange gjere det.

Kvifor er det eigentleg slik? Kva er skilnaden mellom ein funksjonsfrisk familie og ein som har born med utfordringar?

Utanfor A4-boksen

Eg ser på mine syskjen, som har fulle jobbar, både små og store born, og dei spring tulling mellom jobb, fritidsaktivitetar, turnusjobbing, dugnadsarbeid og innimellom skal dei prøve å få hive i seg ein matbit, sørgje for at det vert krota ned eit par velvalgde linjer på leksene til borna før dei så skal hivast i seng, og ein får eit par timar før ein sjølv slepe seg til bingen for å ladde til ein ny dag.

Det er jo ikkje slik at ein vanleg familie ikkje har det hektisk og krevjande.

Samfunnet er blitt ein karusell ein nesten berre må klamre seg fast på for å ikkje dette av, miste fotfestet, dette ned i mellom, ikkje klare å fylje opp.

Kvifor klarar ikkje vi som kvinner og mødre med born som dett utanfor A4-boksen denne dansen i samfunnet?

Svaret er eigentleg så enkelt som det er banalt. Vi kan ikkje dele oss, kor mykje vi enn ynskjer å gjere det.

Våre born krev oss med hud og hår, et oss tidvis til frukost, for å gulpe oss oppatt til lunch, det kan verkeleg føles slik tidvis.

Vi har ikkje mogelegheit til å berre få ein barnepassar om det skulle skjere seg, eller sende bornet til naboen for å vere eit par timar.

Det må fyljast, passast, leggast til rette.

For krevjande med SFO

Ofte godtar bornet ikkje andre enn deg, sjølv om du har brukt timar, kanskje år på å klare å gjere bornet litt meir fleksibelt, litt meir klar, modnast litt meir, kanskje om 3 månader? Kanskje om 6 månader? Åh, eg håpar vi kanskje klare det til neste år!

«SFO passar nok ikkje ditt born, det vert nok for kjevjande.» Ja, du veit det! Det hjelp ikkje kor mykje ein legg til rette, det vert for ustrukturert, det vert for mykje lyd, det er for mykje stress, ja du veit det!

Så gullet kjem sjølvsagt heim, heim til den trygge basen, til ro, stabilitet. Du ser gullet senkje skuldrane, pusten går rolegare, og han begynne å nynne mens han held på med sitt.

Det var rett å ikkje gå på SFO, det skjønar du. Men var det rett for deg som mor?

Det krevs av det offentlege at du stiller på møter og utredningar. Motivert, reflektert, og ikkje minst med ein og annan pigg klar, om det skulle skje at ein trengte å finne fram tigeren i seg.

Du skal og vere tilgjengeleg på telefon så lenge bornet ditt er i offentleg omsorg, som avlastning eller skule. Det skal alle foreldre, det veit eg, men kor mange telefonar får du angåande ditt born i løpet av ein mnd?

Eg orkar ikkje å tenkje over kor mange eg kan få om våre.

På jobb 24/7

Det er ingen som kan gå inn å ta din jobb heime. Det finnes ingen vikar, ingen ferie, ingen avlastning i verda som kan ta over og gje deg litt fri.

Du er dømd til eit liv på «jobb» 24/7, om ein kan bruke så sterke ord. Ein jobb som ikkje forsvinn når bornet er 20 år, og skal ut i den store verda, dette er jobben du har til den dagen du parkere tøflane og tar helg for godt.

Der er forskjellen mellom ein «vanleg» familiemamma, og ein mamma med born med funksjonshemmingar. Ingen kan ta over koordineringsansvaret i heim.

Difor vert desse mødrene sjuke, utbrende, utslitt og sjukmeldt.

Dessverre.

Veit de kva eg saknar mest med å ikkje ha ein arbeidsplass å gå til kvar morgon? Eg saknar å ha kollegaar! Å ha nokre å ha eit fellesskap med, ein vaksen relasjon som ikkje har noko med borna å gjere i det heile! Det saknar eg skikkeleg!

No er eg nettstudent. Det var den måten eg kunne klare å kome meg vidare på, og jobbe mot å klare å kome meg tilbake igjen til arbeidslivet. Eg er heldig der.

For mange er vegen tilbake frykteleg tung, og ein kan og oppleve at den vert uoverkommeleg.

Då spør eg, har dei eigentleg eit reelt val?

Les hele saken

Marit Vebenstad, digitaljournalist

Vi setter stor pris på kommentarer og innspill i debattene våre. Vær forsiktig med personangrep og sjikane og prøv heller å forklare hva du mener og hvorfor. Takk for at du bidrar i debatten!